Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel

Kulturministeren opnar landsmøtet

Landslaget for lokalaviser (LLA) blei etablert på Voss for nesten 50 år sidan. Siste langhelga i april kjem lokalavisene tilbake. Då opnar kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery LLAs jubileumslandsmøte. Vil du vere med, bør du melde deg på no!

Når kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery opnar LLA og lokalavisenes 50års-jubileum fredag 24. april 2026, skal vi aller mest sjå framover. Over minst to dagar byr vi på innhaldsrikt og nyttig fagleg program for dagens lokalavismedarbeidarar, inkludert debattar, kurs, konsertar og gjeve prisutdelingar. Den store lokalavissamlinga på Voss skal bli eit minne for livet!

Vi starter alt torsdag 23. april med kom saman-kveld. Reiser du frå, eller via Oslo, kan du den dagen også blir med oss på «Lokalavis-toget» gjennom Hallingdal og over Hardangervidda. Visemusikaren Stein Torleif Bjella blir med oss på deler av turen. Det gjer også Tonje Halbjørhus.

Vi har skrudd saman våre eigne konferansesider for neste års landsmøte. Der finn du førebelse program og tidsrammer.

Tusen takk til 100 som alt har meldt seg på i «første pulje». Dette gir oss trygghet i den vidare planlegginga, blant anna er vi no sikre på at det blir Lokalavis-tog som planlagt!

Ny frist for siste pulje: 8. desember.

Sjekk landsmøtesidene våre her.

Du kan gå direkte til påmelding her.