Det var på Pressens hus at kultur- og likestillingsministeren la fram refleksjonar og forslag til tiltak for å demme opp for desinformasjon. I meldinga omtaler departementet Samarbeidsdesken til LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), samtidig som dei skriv at regjeringa vil vurdere om det er behov for å styrkje den undersøkjande journalistikken ytterlegare.
Utdrag frå regjeringas strategi:
Støtte undersøkjande journalistikk
Lokaljournalistikken speler ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Den pressa økonomiske situasjonen gjer det vanskeleg for mange små redaksjonar å prioritere undersøkjande journalistikk. Regjeringa ønskjer å støtte felles initiativ som gjer det enklare for mindre aviser å drive undersøkjande journalistikk, ta i bruk ny teknologi og bidra til kompetanseheving for journalistar.
I 2025 styrkte regjeringa satsinga på undersøkjande journalistikk, teknologibruk og kompetanseutvikling i mindre redaksjonar gjennom å auke støtta til Senter for undersøkende journalistikk og tilskotet til Samarbeidsdesken, eit prosjekt i regi av Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk og NRK. Samarbeidsdesken gjer researchmateriale innanfor vesentlege samfunnsområde tilgjengeleg for å gjere det enklare å lage undersøkjande og grundig journalistikk. Regjeringa vil vurdere om det er behov for å styrkje den undersøkjande journalistikken ytterlegare.
Støtte kompetanseheving for journalistar
Faktasjekk og verifisering har blitt meir komplekst enn før som følgje av både den teknologiske og den tryggingspolitiske utviklinga. Begge delar har ført til at redaksjonane har fått større behov for å heve kompetansen og ta i bruk nye verktøy. Redaksjonane har eit sjølvstendig ansvar for å sikre det dei reknar som relevant kompetanse. Regjeringa bidreg i tillegg med tilskot til Institutt for journalistikk, som er eit kompetansesenter for norske medium. Kombinasjonen av den raske utviklinga og den utfordrande medieøkonomien gjer dette viktigare enn nokon gong. Regjeringa vil vurdere å bidra ytterlegare til kompetanseheving for journalistar.
– Målet med denne strategien er ikkje å sensurere eller fjerne usann informasjon. Vi skal sørge for at folk har kunnskap, verktøy og tilgang til påliteleg informasjon slik at dei kan ta informerte val. Det er slik vi bygger demokratisk motstandskraft, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet under) kommenterer regjeringa sin strategi slik:
– Kultur- og likestillingsministeren har levert eit svært viktig dokument i krevjande tider. Skal vi hindra desinformasjon i samfunnet må arbeidet starta i lokalavisene ute i kommunane. Vi gler oss over at statsråden har ei rekke tiltak ho vil sjå på fram mot budsjettet i 2026.
– Eitt av desse tiltaka er jo utan tvil å styrka Samarbeidsdesken. Arbeidet til LLA, NRK og SUJO gjer at lokalavisene kan laga enda meir viktig undersøkande journalistikk. Det er svært gledeleg at Lubna Jaffery har lagt merke til arbeidet vår. Det er også gledeleg at det skal vurderast ulike tiltak for å få fleire unge til å oppsøka redaktørstyrte medium, seier LLAs generalsekretær. Tomas Bruvik legg til at det også er bra at regjeringa vurderer å gi tilskot til etableringa av Tenk og arbeidet med senter for kjeldemedvit.
Regjeringa oppsummerer tiltaka sine slik:
Regjeringa vil vurdere kva nivå, innretning og fordeling mediestøtteordningane skal ha, inn mot den nye perioden med fireårige styringssignal 2027–2030
vurdere ulike tiltak for å få fleire unge til å oppsøkje redaktørstyrte medium
støtte undersøkjande journalistikk, særleg for å styrkje lokaljournalistikken
støtte kompetanseheving for journalistar
vurdere tiltak for auka journalisttryggleik
styrkje pressefridommen og mediemangfaldet i sosiale medium, i søkjemotorar og på andre internettplattformer
vere ein pådrivar internasjonalt for initiativ som styrkjer motstands krafta mot desinformasjon gjennom å verne om ytringsfridommen, sikre ei uavhengig og kritisk presse og styrkje den kritiske medieforståinga
Heile rapporten kan lastast ned frå regjeringa sine nettsider.
– Kultur- og likestillingsministeren har levert eit svært viktig dokument i krevjande tider, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik. Han gler seg over at statsråden har lagt merke til arbeidet som Samarbeidsdesken i Bergen gjer.