Lokalavisene treng forutsigbare rammevilkår. Dette minna LLA om då vi møtte kulturministeren til innspelsmøte.
Det var rett før helga at kulturministeren inviterte LLA og andre representantar for mediebransjen til såkalla innspelsmøte om pressestøtta. Statsråd Thorhild Widwey (bildet), statssekretær Knut Olav Åmås og medieavdelinga i Kulturdepartementet fekk då med seg klare råd og oppfordringar om å tenkja seg godt om før ein gjer særlege endringar i ei pressestøtteordning som bransjen sjølv meiner fungerer rimeleg godt.
Frå LLA fekk både styreleiar Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland (bildene under) ta plass på talarstolen. I nettutgåva til Vårt Land kan du lesa meir om høyringa.
Du finn også ein kommentarartikkel i Dagbladet om seansen.
Forøvrig deltar statssekretær Knut Olav Åmås under opninga på LLAs landsmøte i Bergen om ei vekes tid. Oppdatert program finn du her.