Yngve Flo

Kronikk: Det naudsynte mellomleddet

«Fungerer lokaldemokratiet best om vi fjernar mellomledda mellom kommunen, folket og dei folkevalde? Eg tvilar sterkt», skriv professor Yngve Flo.

Yngve Flo (bildet) er professor ved Universitetet i Bergen. I dag hadde Flo ein kronikk i avisa Kommunal Rapport om lokaldemokratiet og lokalavisene. Med løyve frå forfattaren og Kommunal Rapport, har også vi i LLA og lokalavisene fått lov til å publisere den samme kronikken:

«Eg er historikar, og såleis del av ei hundsa og misforstått gruppe menneske som kan finne stor glede i å lese gamle NOU-ar. Nyleg fann eg fram ein retteleg klassikar, NOU 2006:7. Tittelen, for dei som ikkje tek den på sparket, var: Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken. Det har gått 14 år sidan NOU-en kom ut, men delar av dette er definitivt historie. Om ein les det den dåverande Lokaldemokratikommisjonen skreiv om lokaldemokrati og digitalisering, er det i alle høve opplagt at det har runne mange gigabytes gjennom norske nettverkskablar sidan 2006.

For, kan du tenkje deg: Året 2006 var ei tid då ein framleis hadde tru på at dei kommunale heimesidene på internett kunne fungere som ein viktig demokratisk arena og direktekanal mellom politikarane og innbyggjarane! For veljarane kunne ei kommunal heimeside vere noko meir enn stad der ein søkte informasjon. Ho kunne òg opne for å føre politiske samtalar, å setje saker på dagsorden, å presentere eller kommentere forslag, eller å krevje endringar i politiske vedtak. Politikarane kunne dessutan nå direkte heim til folk med den politiske bodskapen via dei kommunale heimesidene, presentere bakgrunnen for standpunkta og debattere med innbyggjarane, «utan å gå vegen via lokale media», som det optimistisk heitte.

For lokale media var opplagt eit uynskt mellomledd i så måte. NOU-en ytra ei von om at informasjonsmonopolet til media ville forvitre, no som den nye teknologien opna for å føre politikararar og innbyggjarar tettare saman. No gjaldt det berre å overvinne dei hindringar som fanst for at dei kommunal heimesidene kunne innfri potensialet. Eitt problem var at politikarane så langt ikkje engasjerte seg digitalt. Om ikkje dei var til stades i debatten, vart det ikkje nokon diskusjon. Og for å sikre seg at diskusjonen gjekk føre seg i saklege og ansvarlege former, var det dessutan viktig at kommunen tok redaktøransvaret langt meir alvorleg, understreka utgreiinga.

Eg kan ikkje skryte av at eg har vore innom alle landets kommunale heimesider, men om dei eg har sett er representative, er det like lite som tyder på at dei er arenaer for boblande engasjement og sydande meiningsutvekslingar mellom politikarar og innbyggjarar i 2020, som tilfellet var i 2006. Ambisjonen til Lokaldemokratikommisjonen er likevel realisert, om enn på heilt andre digitale arenaer. For nettopp i 2006 vart Facebook lansert internasjonalt. Og her, og på andre sosiale medium, ser vi at både lokalpolitikarar og innbyggjarar verkeleg boltrar seg, utan at lokalavisa (eller den kommunale EDB-konsulenten) utøver noko plagsamt redaksjonelt overoppsyn. Her sit ingen og rugar på dette forbaska redaktøransvaret.

Kronikken held fram under annonsen

Det er klart at dette på mange måtar er ei positiv utvikling. Det er enklare å kome til orde og å få sagt det du vil ha sagt – fullt ut, utan fare for at nokon vrir og vender på det. Om ein tanke verkeleg har livsens rett, er det dessutan langt lettare å nå fram til og å mobilisere meiningsfellar enn kva tilfellet var i 2006. Men det er også mange minus ved denne utviklinga. Eitt er at mange lokalpolitikarar er litt for glade i å selje seg inn på ein slik måte at dei møter med minimalt med motførestellingar. Ynskjer dei å gjere seg sjølve til sentrum i ei kommunal gladsak, og då på ein slik måte at dei vinn diskusjonen i kommentarfeltet i etterkant – ja, så klarar dei stort sett det, om dei er over middels digitalt og sosialt kompetente.

Og lokale aviser, dei som tradisjonelt har fungert som eit filter mellom politikarane og ålmenta, og den fremste arenaen for det lokalpolitiske ordskiftet, slit i mange tilfelle i møte med den nye, digitale røyndomen. Sosiale mediar representerer såleis ikkje berre ein meirverdi, for i praksis bidrag dei ofte til å undergrave dei «gamle» mediekanalane. Mange lokalaviser er økonomisk sårbare. Om tilstrekkeleg mange lesarar meiner at dei finn det dei treng for å halde seg tilstrekkeleg orienterte om lokalsamfunnet gratis, på Facebook – og om dei lokale annonsekronene også vert flytta til digitale plattformar, ja, så kan det vere at mange aviser kryssar den økonomiske smertegrensa.

Har sosiale medium gjeve oss ein lokalpolitisk boltreplass som gjer lokalavisa overflødig? Eg trur ikkje det. Lokaldemokratiet vert fattigare om det politiske ordskiftet vert styrt utanom redaktørstyrte plattformar, og om det ikkje kan få draghjelp frå journalistar som er balanserte, nyanserte, kritiske og gravande – og vågar å fylle rolla som ombod for dei som ikkje er sterke eller kompetente nok til å lyfte fram interessene sine, sjølv i ei digitalisert verd. Visst kan journalistane vere a pain in the ass, om dei blandar seg for mykje, stiller feil spørsmål, synleggjer motsetnader, eller publiserer fakta overfor veljarane på eit tidspunkt då det passar som verst for makthavarane. Men eg er overtydd om eit tilvere i medieskuggen er langt verre, for lokaldemokratiet og for lokalsamfunnet som heilskap. Lokalavisene fyller ein viktig funksjon og gjer oss alle ein teneste, nettopp ved å gå inn i rommet mellom kommunen, innbyggjarane og dei folkevalde.»

Yngve Flo, professor ved Universitetet i Bergen

Denne kronikken var først publisert i Kommunal Rapport.

Foto av Flo: Ingrid Endal, Universitetet i Bergen