Korleis verkar det vi skriv på lesaren?

Korleis verkar det vi skriv på lesaren? Det hender vel at tanken streifar inn på dette spørsmålet frå tid til anna, kanskje helst når vi har fått kjeft eller skryt for noko som har stått i avisa. Men eigentleg veit vel ikkje så mykje konkret om dette sjølv om vi kan tru ein heil del. Nyleg kom det ei bok som tek opp problemstillingar rundt dette, Når nyheter skaper engstelse, med Steinar Larssen som redaktør.

Her er Gard Espeland si omtale av boka:

Boka handlar i første rekkje om dei større avisene, og om radio og tv, men nokre av problemstillingane burde så avgjort også interessere redaktørar og journalistar i lokalaviser. Og som vi skal kome attende til, kan spesielt eitt kapittel vere nyttig å ha lese om avisa og lokalsamfunnet brått kan vere i sentrum for ei dramatisk hending – slik det kan skje.

I første kapittel går Bjarne Kristiansen, ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, gjennom interessa vår for nyhende, og presenterer konkrete tal for kva som er dei mest interessante stoffområda i norske aviser. Dette er konkret og matnyttig informasjon. Overraskande nok finn vi musikkomtale på botn av tabellen. Kristiansen kjem også inn på nokre aktuelle problemstillingar som for eksempel bruk av amatøropptak i nyhendeformidlinga.

I andre kapittel går Frank H. Aarebrot, professor i samliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og redaktøren Steinar Larssen gjennom granskingar av korleis nyhende om kriminalitet, krig, terror og katastrofar skapar otte, og viser utviklinga frå 2004 til 2012. Dette er nok først og fremst aktuelt for dei større avisene, radio og tv, men kan så absolutt vere noko å ha i bakhovudet for alle journalistar. Og om nokon skulle vere i tvil: Det norske folk er meir redde for nyhende no enn før.

Tredje kapittel, av redaktøren Steinar Larssen, handlar om tv spesielt, men også her kan lokalvisfolk finne kunnskap av interesse (Journal of Stress Management)*.

”Mördarchips”

Professor i medium og kommunikasjon ved universitet i Lund, Gunilla Jarlbro, gjev i artikkelen ”Krisejournalistikk eller bare vanlig forbannet journalistikk?” stoff til ettertake for alle som arbeider i aviser, både store også små. Ho har fleire døme, både morosame og tragiske. Da forskarar for eksempel hadde funne ut at det var akrylamid i ein del matvarer som potetgull, skreiv avisene om ”mördarchips”. Fakta var at ein måtte ete 200 posar med chips kvar dag i 25 år før det var snakk om eit helseskadeleg inntak.

Morten Rostrup og Nils Petter Mørk, båe kjent frå Leger uten grenser, skriv om dei store katastrofane, og om korleis desse blir framstilt og ofte gløymt i media. Dette er nok i fyrste rekkje ikkje stoff for lokalaviser. Men lokalaviser kan så avgjort også gjere ein innsats på dette området ved å spore opp folk i lokalsamfunnet som er engasjerte, eller som ofte er med på hjelpeoppdrag. Slike folk finst over alt.

Når katastrofen skjer

Den mest matnyttige artikkelen er skriven av Trond Idås, rådgjevar i Norsk Journalistlag. I tillegg til ein solid gjennomgang av samfunnsoppdraget avisene har, og mange aktuelle og praktiske problemstillingar rundt dette, er det ein gjennomgang av kva praktiske problem som oppstår når katastrofen rammar eit lokalsamfunn. Den som har lese gjennom Idås sin artikkel står betre rusta til å møte og avklare problemstillingane, og dette burde vere obligatorisk stoff for alle redaktørar og redaksjonsleiarar. Katastrofar råkar brått og uventa, og da kan det vere svært nyttig å ha gått gjennom nokre av problemstillingane på førehand.

Det siste kapittelet er skrive av filosof Einar Øveregnet. Han tenkjer rundt ein del generelle problemstillingar, men drøfter også praktiske døme henta frå norske medium i nyare tid. Dette er så avgjort slik nyttig reflektering det blir lite av i ein hektisk, journalistisk kvardag.

Lokalavisredaktørar og lokalavisjournalistar flest har nok både skrivepulten og nattbordet fullt av slikt som burde ha vore lese. Likevel tør vi å tilrå denne boka, og start altså med å lese kapittelet til Trond Idås først.

Steinar Larssen (redaktør)

Når nyheter skaper engstelse

Cappelen Damm/IJ-forlaget