Digital mobil ill foto 1

Innovasjonsstøtte til ei rekke lokalaviser

I dag har Medietilsynet lagt fram lista over kven som er tildelt innovasjons- og utviklingstilskott i år. Nesten 23 millionar kroner er fordelt.

– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium. Det seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet. Og legg til:

– Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg.

Hallingdølen og eit samarbeidsprosjekt med fire andre lokalaviser om KI får mest pengar, med 1 331 500 kroner. Medietilsynet legg vekt på at dette vil ha stor overføringsverdi til andre lokalmedium når prosjektet er gjennomført.

Nesten like mykje er tildelt Storfjordnytt, som får 1 250 000 kroner til prosjektet «Brukarinnsikt». Fleire enn ti lokalaviser står bak prosjektet som handlar om innsiktverktøy og utvikling av redaksjonelt innhald basert på analysar. Avisa Hemnes får 1 142 000 kroner til prosjektet «Hvordan kan de aller minste avisene bruke AI og levende bilder»

Alt dette i følgje Medietilsynets eigne nettsider. Sjå meir der, inkludert fullstendig liste med tildelingane.