Høyringssvar frå LLA: Foreslår auka støtte for alle lokalaviser

Fritak for arbeidsgjevaravgift og kraftig auke i produksjonsstøtta for alle lokalaviser. Det er mellom forslaga i høyringsuttalen som LLA leverte til Kulturdepartementet på fredag.

Mediemangfaldsutvalet overleverte i mars sin rapport til kulturminister Linda Hofstad Helleland. LLAs representant i utvalet er Hilde Eika Nesje (t.v.), redaktør i Bø Blad.

Mediemangfaldsutvalet overleverte i mars sin rapport til kulturminister Linda Hofstad Helleland. LLAs representant i utvalet er Hilde Eika Nesje (t.v.), redaktør i Bø Blad.

Fredag leverte LLA sin høyringsuttale etter Mediemangfaldsutvalet sin rapport ”Det norske mediemangfaldet, en styrket mediepolitikk for borgerne”.

I uttalen foreslår Landslaget for lokalaviser (LLA) kraftfulle tiltak for å styrke avisene generelt og lokalavisene spesielt.

Mellom forslaga er:

  • kraftig auke i produksjonsstøtta for alle lokalaviser
  • innføring av minstesats på ein million kroner
  • heving av opplagstak til 10 000 eksemplarer
  • 500 000 kroner ekstra til dei med under 6 000 i opplag
  • fritak for arbeidsgjevaravgift (AGA-fritak) for redaksjonelle personalkostnader
  • innføring av distribusjonsstøtte
  • auka tilskot til kompetansetiltak
  • innovasjonsstøtte og prosjektstøtte

Same ramme som utvalet
– No må lokalavisene prioriterast. Det er krevjande tider for alle aviser, men dersom vi skal ha eit reelt mediemangfald her i landet må lokalavisene få eit kraftfullt løft gjennom eit sett av tiltak. Det er lokalavisene som er sjølve grunnfjellet i mediemangfaldet. Det er berre lokalavisene som i full breidde skriv om det som vedkjem livet til innbyggarane frå barnehage til skule, arbeid og fritid. Det er lokalavisene som følgjer den lokale politikken som har betydning for tenestetilbodet til oss alle. Lokalavisene er i praksis den einaste seriøse fellesarenaen for innbyggarane i dei ulike lokalsamfunn der alle lever sine liv, seier generalsekretær Rune Hetland.

LLA har halde seg innanfor same ramme som mangfaldsutvalet, men har omprioritert midlane og prioritert opp lokalavisene. LLA meiner at det er ei god investering for det norske samfunnet å bruke meir på å styrke avisene.

Viktige for tilliten til demokratiet
LLA legg vekt på at lokalavisene er svært viktige for den tilliten som heile det norske demokratiet bygger på.

Frå uttalen: Den største styrken til det norske samfunnet er at vi har høg sosial kapital med  tillit til samfunnsinstitusjonane. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom mediepolitikken. Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, og som er med på å skape eit gjennomsiktleg samfunn, blir den sosiale kapitalen tappa og tillitssamfunnet vil  gradvis forvitra. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.

Les heile høyringsuttalen frå LLA.