Utvalet skal vurdere kva mål staten skal ha for mediemangfaldet, og korleis staten sine økonomiske verkemiddel best kan bli nytta for å stimulere til vidare mediemangfald i Noreg.
Utvalets leiar Knut Olav Åmås takka for oppdraget på vegner av utvalet.
– Vi skal gjere vårt beste for å tenke omkring, greie ut om og granske kva som må til for å styrke mediemangfaldet i Noreg, sa han på ein pressekonferanse fredag.
Hilde Eika Nesje synest det er ei ære å få vere med i utvalet.
– Det er spanande for meg å vere med, og viktig at lokalavisene er representert. Eg representerer på mange måter mediemangfaldet, som redaktør i ei av dei minste lokalavisene i landet, seier ho. Hilde Eika Nesje er dessutan styremedlem i LLA.
– I den store samanhengen skal utvalet gjere ein viktig jobb, sett i lys av ytringsfridomen og behovet for å bevare det mediemangfaldet som vi har i dag, legg ho til.
Mediemangfoldsutvalget vart varsla då kulturministeren la fram NRK-meldinga før sommaren.
Medlemmene i utvalet:
- Leiar: Knut Olav Åmås
- Hilde Eika Nesje
- Ellen Altenborg
- Ivar Rusdal
- Hildegunn Soldal
- Hallvard Moe
- Gunnar Stavrum
- Olav T. Sandnes
- Thor Gjermund Eriksen
- Randi Øgrey