Heildigital Lokal & digital-konferanse

Også i år inviterer LLA til digitalkonferansen Lokal & digital. Torsdag 22. oktober kan du få med deg spennande foredrag på nett.

I lys av dei usikre tidene med korona-restriksjonar har LLAs styre og administrasjon no bestemt at årets digitalkonferanse altså blir gjennomført på nett. Det betyr at foredrag blir publisert  «live» på nett torsdag 22. oktober. Aviser som ikkje får med seg konferansen der og då, vil få muligheten til å sjå mesteparten i opptak nokre dagar seinare. Det endelege opplegget blir klart seinare i høst.

– Vi kan uansett lova spennande foredrag om digitale trendar, krydra med praktiske og matnyttige eksempler frå lokalavisenes kvardag, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.

Lokal & digital blir som vanleg både for redaksjonelle medarbeidarar og markedsmedarbeidarane i avisene.

Sjølv om dei aller fleste i lokalavisene truleg vil foretrekke å få med seg Lokal & digital på nett, vil LLA truleg opna for å ha 10-20 deltakarar med i møterommet der foredraga blir halde. Dei som alt no veit at dei vil vere med oss i Oslo sentrum, kan sende ein epost til lene@lla.no.

– Vanlegvis har nesten 100 lokalavismedarbeidarar og leverandørar vore med på Lokal & digital på Flesland dei siste åra (bildene under). Også i år hadde vi håpa å kunne møtast fysisk, men vi ser at det ikkje går i dei usikre tidene vi lever i. Eg håper og trur likevel at minst like mange vil få med seg årets foredrag på nett, seier Tomas Bruvik.

Foto frå Lokal & digital: Laila Borge. Illustrasjonsfoto: Vidar Håland, Makalaus design.