Guro Valland ny sjef i Avisa Hordaland 

– Utruleg kjekt å få ei slik moglegheit, seier Valland om å bli ny sjefredaktør og dagleg leiar i Avisa Hordaland på Voss.

– Me ikkje kunne fått ein betre kandidat til å leia Hordaland framover, seier styreleiar Sturle Rasmussen i ei pressemelding fredag.

– Valland har solid journalisterfaring og tryggleik i presseetiske vurderingar. Ho har erfaring med å utvikla medier basert på lesarane sine behov, og ei klar forståing av dei kommersielle moglegheitene som finst i ein medieøkonomi som vert meir og meir digital, legg han til.

Avis i vekst

Valland gler seg til å ta fatt på det ho skildrar som ein meiningsfull jobb.

– Lokalavisa er ikkje vorte mindre viktig slik det vart spådd for nokre år tilbake. Folk i distriktet bryr seg naturlegvis óg om det som skjer rundt dei, seier Valland. På biletet over er den nye redaktøren og daglege leiaren i gondolbanen på Voss, med Sjur (0,5 år) på fanget!

Hordaland er i vekst, og ambisjonen er at veksten skal halda fram, fortel styreleiaren.

– I likskap med andre lokalaviser har Hordaland opplevd ein ny vår etter at me byrja å tilby lesarane eit godt produkt óg digitalt. Framover bør Hordaland halda fram med å veksa og laga relevant innhald i dei kanalane lesarane brukar. Me må óg møta fallande annonseinntekter på ein offensiv måte, seier Rasmussen.

Ei viktig oppgåve framover vert å løfta mediehuset sin digitale posisjon.

– Innhaldet treff breitt og engasjerer mange, og journalistikken fortener eit større publikum digitalt. Det ser eg fram til å jobba for saman med alle dei flinke folka på huset, seier Valland.

Terje Olsen held fram som dagleg leiar i konsernet Hordaland og i Vaksdalposten. I tillegg til å samarbeida tett med Valland, skal Olsen jobba med å vidareutvikla Hordaland som konsern, mellom anna med å utvikla nye tenester for digital marknadsføring for bedrifter i regionen. Artikkelen held fram under annonsen.

Samlingspunkt

For Valland har lokalavisa til bygda ho kjem frå lenge stått sterkt.

– Eg har vakse opp med Hordaland, hatt arbeidsveke der og vore abonnent som utflytta vossing. Eg er glad i den avisa, seier ho.

Hordaland sin store styrke er den sterke identiteten som oppstår gjennom journalistikken, mykje fordi at innhaldet er så variert, meiner den nye redaktøren.

– Hordaland har alle føresetnader for å veksa, både i abonnentar og i digital lesing. Me må òg finna ut om det er produkt eller tenester me bør utvikla for å treffa endå betre. Eller finna smartare måtar å jobba på. Mellom anna ser me eit stort potensiale blant dei yngre lesarane våre, seier ho.

Valland var i utgongspunktet på veg frå Dagens Næringsliv til NHST Sjømat, som består av dei tre merkevarene Fiskeribladet, IntraFish og Tekfisk. Der skulle ho tiltre som leiar for brukarmarknad, strategi og forretningsutvikling.

– NHST er eit attraktivt konsern i stor fart, men då moglegheita i Hordaland dukka opp, var det umogleg å seia nei. Ei lokalavis som Hordaland inneheld alt du treng av gleder og utfordringar i mediebransjen. Her er eg sikker på at det vert givande å vera, seier Valland.

I DN jobba Valland som redaksjonell innsiktsansvarleg og målgruppeleiar. Erfaringane vil gje viktig ballast i redaktørjobben i Hordaland.

– Spesielt dette å jobba med målgrupper i journalistikken både redaksjonelt og kommersielt har vist seg å vera smart. Her var DN tidleg framme. Desto meir du veit om brukarane, desto klokare vert prioriteringane. Målet er å vera relevante for lesarar og kundar, seier Valland.

– Ivar Aasen-sitatet i avisa vert uansett med vidare.

Guro Valland vender heim til Voss for å ta over Avisa Hordaland. Begge foto: Vidar Herre.