Våren 2026 inviterer LLAs styre og sekretariat (bildet) til innhaldsrikt og inspirerande jubileumslandsmøte på Voss, der lokalavisorganisasjonen blei stifta i 1976. Men før Voss er vi klare for landsmøte i Trondheim i 2025.
Våren 2026 inviterer LLAs styre og sekretariat (bildet) til innhaldsrikt og inspirerande jubileumslandsmøte på Voss, der lokalavisorganisasjonen blei stifta i 1976. Men før Voss er vi klare for landsmøte i Trondheim i 2025.

Stor aktivitet til høsten!

Mykje å glede seg til i haust, blant anna Lokal & digital frå 31. oktober.

LLA er tilbake for fullt, og vi gler vi oss til ein innhaldsrik seinsommar og høst, mellom anna med ein ny og nyttig runde med Lokal & digital-konferanse; på Flesland frå tidleg torsdag ettermiddag 31. oktober og heile fredag 1. november.

Samarbeidsdesken sende nyleg ut sin andre researchpakke om kommunane sine lottorekneskap, og det kom rett før sommaren ein pakke om etterkomarane etter Titanic-forliset. Samstundes jobbar «Mattilsynsboten» på eiga hand med å sende ut varsel til lokalavisene kvar gong Mattilsynet har kontrollert ein lokal serveringsstad.

I september kjem ein stor pakke med research på korleis kommunane jobbar med førebygging av sjølvmord. Frå 3. september vil vi ha ei rekkje digitale seminar om korleis ein kan jobbe med temaet på ein trygg og god måte. Dette trur vi vil bli lærerikt og nyttig, og vi oppmodar alle til å delta. Ta kontakt med Laila Borge i LLA om du vil ha tilsendt meir informasjon om seminara.

Elles gler vi oss også til å jobbe vidare med planlegginga av neste års landsmøte i Trondheim, som skal starte fredag 28. mars 2025, og jubileumslandsmøtet på Voss våren 2026, då vi skal feire at Landslaget for lokalaviser fyller 50 år.