Innspill-kulturmin

Fortsatt støtte til 4000-6000-avisene

Regjeringa vil ikkje lenger kutte produksjonstilskotet til lokalaviser med 4000 til 6000 i opplag. Dette kjem fram i ei stortingsmelding frå regjeringa. Landslaget for lokalaviser (LLA) er glade for at regjeringa vil føra vidare dei opplagsgrensene som er i dag:

Innspill-kulturmin

Kulturminister Thorhild Widvey (bildet) kuttar ikkje støtta til lokalavisene med 4000 – 6000 i opplag. Her frå eit innspelsmøte i mars der LLA argumenterte for å halda på produksjonsstøtta til alle lokalavisene.

– Vi i LLA har arbeidd hardt, gitt grundig informasjon og argumentert for at det ville vera særs uheldig å kutta støtta til lokalavisene med 4000 til 6000 i opplag. Politikarar som lyttar, og som vågar å snu, fortener ros, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i LLA. Dei understreker også at pressestøtta ikkje må gjerast til finanspolitikk.

– Alt dette handlar om kva verdiar vi vil at samfunnet vårt skal bygge på. Demokrati og ytringsfridom er flotte grunnsteinar, men dei må ha praktisk politisk innhald. Ein føresetnad for eit velfungerande demokrati med reell ytringsfridom er eit mangfald av ytringskanalar. Vi treng seriøse lokale-, regionale- og riksdekkande medier av høg kvalitet og med god, uavhengig journalistikk under fana til pressa sine etiske normer. Gode rammevilkår for media er ei investering i eit ope, inkluderande samfunn som tar vare på demokratiske, kulturelle og språklege verdiar. Alle lokalaviser, ikkje minst 4000 til 6000 avisene, er sjølve fundamentet i det unike avismangfaldet i Norge, seier Hetland og Melhus i LLA.

I stortingsmeldinga frå regjeringa kjem det også fram at den vil ha eit statisk tak på produksjonsstøtta per medieselskap frå 2015, slik at ingen aviser frå då av skal kunne få meir enn 40 millionar kroner i støtte.

For meir informasjon og kommentar:

Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser,

dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no

Link til Kulturdepartmentet sine nettsider om saka, der du også finn stortingsmeldinga.

Her er LLAs pressemelding, i pdf-format:

LLA pressemeld om stortingsmeld

Knut-Olav-Aamaas

Knut Olav Åmås, statssekretær i Kulturdepartementet, var nyleg på lokalavisenes landsmøte i Bergen. Då lova han å lytta godt til argumenta og råda frå LLA. I dag la regjeringa fram ei stortingsmelding der forslaget om å kutta støtta til deler av lokalavisene er tatt vekk.

LLA-Staale-Rune-ok-web

Generalsekretær Rune Hetland (t.v.) og styreleiar Ståle Melhus i LLA er glade for at Stortinget får ei fornuftig stortingsmelding om pressestøtta.