Opning 1

LLA og lokalavisenes landsmøte i Tromsø godt i gang!

200 lokalavismedarbeidarar og bransjefolk er i gang med årets landsmøte for lokalavisene.

At nærare 200 avismedarbeidarar og bransjefolk er med på LLA og lokalavisenes landsmøte denne helga, er eit tydeleg teikn på at lokalavisfolk er klare for ny kunnskap og meir inspirasjon også i år.

LLAs styreleiar Øystein Øygarden og nyhetsredaktør Marianne Lein Moe, lokalavisa iTromsø, opna årets landsmøte fredag føremiddag (bildene).

På årets store lokalavissamling i i Tromsø gjennom helga, byr vi på ei herleg blanding av plenumsforedrag, praktiske fagsesjonar, leverandørutstilling, kulturinnslag, byopplevelser, festmiddag og gjeve prisutdelingar. Blant anna kårer vi Årets lokalavis under festmiddagen lørdagen.

For mange er den uformelle avispraten mellom alt saman det aller viktigaste: På LLA og lokalavisenes landsmøte kjem folk frå store deler av Norge for å få, og gi, erfaringar og praktiske tips som du kan ta med deg heim til eigen kvardag. Du får også anledningen til å knyte kontakt med bransjefolk som du kan ha nytte og glede av i lang tid.

Besøk dei nye konferansesidene våre og du får opp alt du treng vite om årets landsmøte. Vi har tatt bort påmeldingsknappen, send ein epost til lene@lla.no dersom du ikkje har fått meldt deg på.

Blant anna vil du sjå at offisiell landsmøteopning er klokka 12.00 fredag 21. april. Då sender kulturminister Anette Trettebergstuen ei helsing via video, før LLAs styreleiar Øystein Øygarden ønskjer velkomen. Deretter blir det opningsforedrag med nyhetsredaktør Marianne Lein Moe – og et hav av valgfrie parallellsesjonar, der alle på avishuset truleg vil finne noko interessant og matnyttig.

Flere landsmøte-saker her, på LLAs nettsider.

Program og deltakere på konferansesidene våre.

Foto frå Tromsø: Fjellheisen. Dette er éin av fleire muligheter for å oppleve meir av årets landsmøteby etter det faglege programmet lørdagen.