Medietilsynet har nå handsama nye søknader om produksjonstilskott for 2022.
Det er klart kven som nå er med i støtteordninga for i år og dermed kan støtta fordelast.
Medietilsynet reknar med at fordelinga blir offentleg om ei god veke.
Dei som er inne i støtteordninga får då utbetalt resten av støtta for 2022, medan dei nye får heile beløpet. LLA får opplyst at Medietilsynet då vil vere klar til utbetaling i slutten av november.
Dei nye avisene som får produksjonstilskott er Avisa Oslo, VårtOslo, iLevanger, Steinkjer24, iHarstad, Randaberg24 og MittKongsvinger.