Tomas sceneprøve Lokal og digital

Velkomen til LLAs Lokal & digital. Rekord-mange deltakarar til Bergen torsdag/fredag

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) testar scenen på flyplasshotellet på Flesland. Klokka 18.00 torsdag får Bruvik med seg fem gjester til ein prat om medievanar, sosiale medier og lokalavisenes utfordringar

Det er Kantars Nils Petter Strømmen, sosiale medier-forfatter Magnus Hoem Iversen og dei tre lokalavisleiarane Camilla Skaar, Lillian Holden og Tone Sidsel Sanden som tar plass i sofaen tidleg torsdag kveld.

Hovudprogrammet er fredag 5. november frå klokka 09.00.

I løpet av knappe 24 timar får 110 redaksjonelle medarbeidarar og markedsmedarbeidarar inspirasjon til å gjere enda fleire og bedre grep på nett.

LLAs Lokal & digital-konferanse er på Clarion Hotel Bergen Airport. Flyplasshotellet ligg rett ved terminalen.

Her er programmet:

Torsdag 4. november:

18.00: Digital oppvarming på scenen

Kantars Nils Petter Strømmen, sosiale medier-forfatter Magnus Hoem Iversen og dei tre lokalavisleiarane Camilla Skaar (Hordaland Folkeblad), Lillian Holden (Hallingdølen) og Tone Sidsel Sanden (Dølen) i samtale med LLAs generalsekretær Tomas Bruvik om medietrender og muligheter for lokalavisene.

20.00: Middag og avisprat

Fredag 5. november:

09.00: Felles for alle: Lokalavisas bruk av sosiale medier

Eirin Larsen er journalist og ansvarleg for sosiale medier i Adresseavisen. Ho har lang erfaring med innhaldsproduksjon, strategisk og redaksjonell bruk av sosiale medier blant anna frå Statsministerens kontor og NRK Rogaland. Eirin Larsen deler store og små ting ho har lært og korleis ein best nyttar sosiale medier i en hektisk kvardag med små ressursar.

10.00: Redaksjonssporet: To spennande digitale satsingar

10.00: Hallingdølen og Sunnhordland har utvikla ein robot for mottak av tips. Den er blitt svært populær på kort tid. Begge avisene blir med og presenterer appen og korleis responsen har vore. Kanskje kan di avis og ta denne i bruk?

10.30: Den store folkevandringa; slik gjekk det. Prosjektleiar Bergit Sønstebø Svendseid oppsummerer.

11.00: Redaksjonssporet: Tittelskriving i lokalavisene

Få tips og råd om titlar og dekking av fronten. Tre LLA-aviser viser korleis dei gjer det og deler nokre av sine erfaringar og tankar om temaet: Nordhordland, Hordaland og Vesterålen Online.

Med Marita Saue Hamre og Sara Finne i Hordaland, Vidar Eliassen i Vesterålen Online og Sølve Rydland og/eller Karoline Nordgulen i Nordhordland.

10.00: Markedssporet: Slik kan lokalavisene få fleire digitale annonseinntekter

Jan Morten Drange i ANFO Annonsørforeningen om annonsørenes forventningar til lokalavisene

Arthur Pogosov i Solution om kva som skjer i det digitale annonsemarkedet – og om muligheter og truslar i det programmatiske/automatiserte økosystemet.

Mikal Rohde i Adnuntius om ny nasjonal markedsplass, sjølvbetjeningsmuligheter for annonsørene og om persondata.

Per Øivind Skar i Otte og Geir K. Hus i LLA i samtale om kva også dei små og uavhengige lokalavisene kan gjere for å få fleire digitale annonseinntekter, blant anna gjennom nettverkssamarbeid.

12.00: Felles for alle: Lunsj

13.00: Redaksjonssporet: Med coaching frå Facebook. Avisa Lofoten og Alvdal Midt i Væla har fått økonomisk støtte til å delta i eit samarbeid med Facebook det siste året. Begge avisene, Lisa Alvestad og Robin Røkke frå Avisa Lofoten, og Liv Maren Mæhre Vold i Alvdal Midt i Væla deltar. Også prosjektleiar Espen Egil Hansen er med og fortel om kva dei har gjort.

13.00: Markedssporet: Slik får lokalavisene tak i fleire digitale annonseinntekter

Silje Tillung i Mediehuset Sunnhordland og Tor Arve Vartdal i Vest-Telemark blad deler erfaringar og råd om korleis dei jobber med digitale inntekter i kvardagen.

Også litt om mandat for LLAs vidare arbeid med digitalt annonsenettverk.

14.00: Felles for alle: Tre prisvinnande lokalaviser med inspirasjon og pep-talk før helga og evt Hauststormen:

Dølen, Sunnhordland og Vest-Telemark blad om tv-sendingar, pod-kast og andre digitale satsingar

Programmet er ferdig seinast klokka 15.00. Det er knappe fem minutter å gå frå hotellet til flyterminalen.

PS! Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening arrangerer «Hauststormen» på samme hotel frå ettermiddagen fredag 5. november. Med andre ord: Når LLA avrunder Lokal & digital, kan redaksjonelle medarbeidarar blir verande for å vere med på NJ og NRs arrangement. Er du med på det eine og det andre, får du 30 % rabatt på Hauststormen! Her er meir info om Hauststormen. Husk å bruk rabattkoden «Landslaget», så får du 30 % rabatt på konferanseprisen.

Velkomen til Flesland/Bergen denne veka!