Endeleg! Lokal & digital-konferansen blir torsdag 22. oktober

LLA inviterer til lokalavisenes årlege digitalkonferanse torsdag 22. oktober. Dagen derpå blir det nye samlingar for redaksjonane og markedsmedarbeidarane. Møtestad: Oslo.

Landslaget for lokalaviser (LLA) drog i gang Lokal & digital for fem år sidan. Første året var vi på Gardermoen, etter det har Flesland (bildet) vore møteplassen. I år kjem digitalkonferansen attende til austlandet og Oslo sentrum – frå truleg klokka 10.00 torsdag 22. oktober. Lokal & digital er både for redaksjonelle- og markedsmedarbeidarane i lokalavisene.

Dagen etter, fredag 23. oktober, deler vi oss i to spor: Journalistane og redaktørane kan då delta på det nye samarbeidsprosjektet mellom LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (Sujo).

Marknads- og annonsemedarbeidarane får tilbod om ei samling om lokal handel – og eit mediebyrå-treff.

Fleire detaljar kjem i august, men lokalavisene bør notere tid og stad no.

LLAs generalsekretær Tomas Bruvik er glad for endeleg å kunne invitere til ei samling der folk kan møtast ansikt-til-ansikt.

– Vi dei siste par vekene vore i kontakt med mange aviser. Folk har lyst på ny kunnskap og inspirasjon – og avismedarbeidarane vil gjerne vere litt sosiale etter å ha vore for seg sjølve i lengre tid. Å utveksla erfaringar og idéar i pausane og under måltida er også ein viktig del av våre konferansar. Vi må sjølvsagt ta eit lite atterhald om korleis situasjonen er i oktober, men vi satser på å få til ei spennande fysisk samling, der vi følgjer nøye smittevernråda frå styresmaktene, seier Tomas Bruvik. Han lovar eit godt fagleg Lokal & digital-program, som skal tilpassast både dei avisene som er digitale nybegynnarar og dei som er komen langt med si digitale satsing.

LLAs generalsekretær er også glad for å kunne dra i gang det redaksjonelle samarbeidsprosjektet med NRK og Sujo. Det skulle eigentleg har vore lansert på landsmøtet i Ålesund tidlegare i år, men får altså sin dåp fredag 23. oktober, dagen etter Lokal & digital torsdag 22. oktober.