opplag2

LLA trur på god laurdagsomdeling av aviser

Stortinget har vedtatt ny postlov. LLA reknar med at sluttresultatet blir godt for lokalavisene.

RuneHetlandLLAweb

– Vi kunne tenkt oss endå meir presisering frå Stortinget i si “bestilling” til departementet, men når eit samla storting seier så tydeleg at dei vil sikre ei god laurdagsomdeling av aviser, då trur vi at sluttresultatet blir bra for avisene. Vi må jo stole på det politikarane har vedtatt og lova oss i mange, mange møte.

Dette seier generalsekretær Rune Hetland i LLA (bildet) etter at Stortinget seint tysdag kveld vedtok ny postlov som Samferdselsdepartementet nå skal setje ut i livet.

For avisbransjen er det postomdelinga laurdagar som har vore den viktigaste saka. Eit samla storting har no vedtatt at det skal leggast til rette for laurdagsomdeling av aviser – av Posten eller andre tilbydarar.

Dette er i stortingsproposisjonen kostnadsrekna til mellom 50 og 120 millionar kroner, som staten skal gå inn med for på sikre tilbodet.

– Stortinget burde presisert kva ei god løysing for laurdagsdistribusjon innheld, og at prisen skal vere den samme som for distribusjon dei andre utgjevardagane.

– Vi lovar å halde tett kontakt med Samferdselsdepartementet som nå skal utarbeide forskrifter og så setje dette ut i praksis. Vi vil berre akseptere ei fullgod løysing for avisene, noko anna vil vere til stor skade for både innbyggarar og avisbransjen, seier Rune Hetland i LLA.

Han seier at det er viktig at departementet tar seg tid til å utgreie gjennomføringa skikkeleg slik at løysinga blir så god som både Stortinget og avisbransjen har sett for seg. Det har vore sagt at iverksettinga av den nye postloven tidlegast kan gjennomførast januar 2016, det er truleg svært optimistisk.

Landslaget for lokalaviser og øvrige presseorganisasjonar har lenge arbeidd mykje med denne saka for å sikre at folk i heile Norge skal kunna få lokalavisa si i postkassen også om laurdagane.

– Det handlar om kva samfunn vi skal ha; avisene er ein del av fundamentet i demokratiet, og papiravisene inn mot helg er blitt endå viktigare enn tidlegare for lesarane og for økonomien i avisene.

– Vi har arbeidd hardt med denne saka, og synest vi har kome langt, frå trusselen kom om at all postomdeling laurdag vart avvikla til at eit samla storting har vedtatt at det skal vere laurdagsomdeling av aviser. Så gjeld det å kome heilt i mål ved at løysinga blir fullgod, seier Hetland.

Vedtaket kan du her laste ned frå Stortinget sine nettsider.

Og her er eit innlegg i Nationen frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om saka. Statsråden skriv mellom anna at regjeringa har stor respekt for at laurdagsavisene er ferskvare.

Tidlegare saker på LLA-weben om postomberinga laurdagane.

For ytterlegare kommentarar:
Rune Hetland, generalsekretær i LLA, dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no