Avisøkonomi debatt 1

Eit økonomisk bra år, men lokalavisene treng eit digitalt løft

Avisene har hatt god lønnsomhet dei siste par åra. Brukarinntektene blir stadig viktigare. Dei digitale inntektene aukar. Det viser ferske tal som Medietilsynet la fram i dag.

Medietilsynet sin ferske økonomirapport er spennande lesing og var bakgrunnen for frukostdebatten fredag. Frå venstre Mari Velsand i Medietilsynet, Torry Pedersen i Schibsted, Rune Hetland i LLA, Randi Øgrey i MBL og Anders Opdahl i Amedia.

– Tala for mediebransjen viser at lokalavisene samla sett har bak seg eit bra år. Det er mange som både har auke i brukarinntekter og klarer å halde oppe annonseinntektene. Men som alltid er bilete meir variert når ein går bak samla tal. Det er stor strekk i laget, og det er mange av dei minste avisene som har levert underskot. Det er sjølvsagt krevjande for desse seier Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) i ein kommentar etter debatten.

– Det stabile talet på abonnentar viser at lokalavisa blir oppfatta som nær og kjær og er viktig i lokalsamfunnet. Det er eit godt grunnlag, men tala viser at mange av lokalavisene ligg bakpå  i digitaliseringa. Dei treng nå eit løft. Dei unge vil lese digitalt og ingen har råd til å misse framtidas generasjonar, seier Hetland.

Også lokalavisenes digitale inntekter aukar, sjølv om det framleis er inntektene frå papirutgåvene som betyr mest for dei fleste. Mange lokalaviser har rundt 90 prosent av inntektene sine frå papirutgåvene.

– Forventningane hjå både lesarar og annonsørar blir høgare og høgare. Dei forventar at me leverer digitalt innhald døgnet rundt året rundt. Lesarane våre forventar også at  vi leverer levande bilete og prøver ut nye digitale plattformer, samtidig som dei forventar ei like god papiravis som før. Alt med samme antal journalistar. Det er klart det er travelt rundt om i lokalavisene, men nær kontakt med, og tilbakemeldingar frå lesarane, gir energi og pågangsmot. Det er sjølve fundamentet for den suksessen lokalavisene er, seier LLAs generalsekretær.

Meir om avisøkonomien, og heile økonomirapporten, finn du her på Medietilsynets nettsider.

Dagens frukostdebatt kan du sjå i opptak her.

Bjørn Tore Østeraas i Medietilsynet la fram avistala: – Brukerinntektene er no større enn annonseinntektene, men for dei lokale vekeavisene betyr annonseinntektene framleis like mykje som brukarinntektene.