Dyrare avisporto

Frå 1. januar aukar Posten avisportoen med i gjennomsnitt 4,5 prosent.

Posten har rekna utslaga for den enkelte avis til ein auke på mellom 4,1 og 4,9 prosent. 

– Posten grunngjev auken ved at dei misser volum både totalt og på avisdistribusjon og generell prisauke. Vi i avisbransjens postutvalg måtte arbeide hardt for å hindre ytterlegare prisauke. 4,5 prosent er vesentleg over konsumprisindeks, noko vi uttrykte klart overfor Posten, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

Han understrekar at postutvalget overfor Posten har peika på at avisbransjen slit med å halda oppe opplag og inntekter generelt og at så høg auke i avisportoen også verkar i negativ retning.

– Posten skuvar aviser med alternativ distribusjon frå seg, samstundes som det er tungt for dei som ikkje har alternativ til Posten. Det gjeld mange lokalaviser, og spesielt den store delen av opplaget som går ut av dekningsområdet, seier Hetland. 

Her kan du sjå dei nye prisane:

Prisendring_avisdistribusjon2014