Dølen lagde årets lokale historie

Fredag kveld kunne lokalavisa Dølen feira prisen Årets lokale historie under Mediebedriftenes landsforening si prisutdeling.

Prisfesten med alle vinnarane vart halde i Oslo og send digitalt, og Dølen vann i konkurranse med to bidrag frå Bergens Tidende, NRK og Adresseavisen.

Redaktør Tone Sidsel Sanden og journalist Sigrid Gausen (bildet, skjermdump frå prisutdelinga) var på plass  i Oslo og tok imot prisen for historia om Rondablikk, som dei har skrive saman med Guro Vollen.

I oktober 2018 starta Dølen graveprosjektet Rondablikk. I eit halvt år jobba Dølen med saka, før dei fekk fleire med på laget, mellom anna Senter for undersøkande journalistikk (Sujo) og seinare NRK.

Det er ikkje få redaktør Tone Sidsel Sanden ønskjer å takka etter at prisen er eit faktum.

– Eg vil takka alle dei som bidrog frå NRK og Sujo, for eit veldig godt og lærerikt samarbeid. Vidar Håland må sjølvsagt takkast som laga lay-out både på nett og papir. Takk også til LLA og til alle kjeldene som om stod fram og fortalde sine historier, helsar Sanden

Ho tykkjer det er utruleg kjekt å ha gjennomført eit så stort graveprosjekt og ikkje minst  få ein pris i konkurranse med alle landets store mediehus.

– Vi har fått mange hyggelege tilbakemeldingar av lesarane. Prosjektet gav også nye abonnentar, noko vi set pris på. Gjennom samarbeidet med NRK nådde vi langt ut over vårt dekningsområde, og at NRK sine to saker vart toppsaker i NRK var veldig stas.

– Det var fantastisk morosamt, men og mykje arbeid. Då er det ekstra kjekt med ein pris, sluttar Sanden.

Avisa Sunnhordland var nominert i kategorien Årets forside.

Medier24.no kan du lese enda meir om prisutdelinga.