Rett før påskehøgtida kom dei fleste partia på Stortinget med ei klar melding til kulturministeren om å vurdere ei kompensasjonsordning bedre tilpassa mediene. LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) er glad for ei så tydeleg «bestilling» og håper dermed at det etter kvart kjem ei ordning som treff både små og større medium – og som ikkje er for kortvarig.
– I mellomtida har vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) og dei andre presseorganisasjonane tett dialog med Kulturdepartementet og Medietilsynet – for å gi god dokumentasjon og bakgrunnsinformasjon, seier Bruvik.
Samstundes er LLA opptatt av å hjelpe medlemsavisene også i den praktiske kvardagen. Bruvik trur at både redaksjonelle medarbeidarar og markedsmedarbeidarane ønskjer fagleg påfyll i ei tid der mange arbeider frå heimekontoret. LLA stiller derfor gjerne opp med korte og praktiske kurs via nettet. Blant anna ser vi for oss å få til noko med NRK og Senter for undersøkende journalistikk (Sujo).
– I løpet av det neste døgnet sender vi ut eit kort spørjeskjema for å få innspel og forslag frå avisene til aktuelle kurs.
– Denne type nettkurs kjem i tillegg til den kompetansen, erfaringane og praktiske råda vi alt i dag byr på gjennom LLAs idébank. Som ein del av LLAs Lyd & bilde-arbeid, byr vi også på nye tips og råd om korleis avisene kan bruke nettopp lyd og bilder for å skape meir engasjement blant lesarane – både i eiga nettavis, mobil og sosiale medier som lokalavisa har. Sjå her for vår første videosnutt.
– Kva med årets landsmøte?
– Vi sender ut eit brev denne veka om dei økonomiske betingelsene og oppgjeret for årets landsmøte. Eg håper avisene blir nøgde med den modellen styret har slutta seg til. Alle må ta ein støyt, men eg trur at vi har funne ei ordning som både avisene og LLAs sekretariat kan leve med.
– Og så inviterer vi til formelt årsmøte onsdag 29. april klokka 15.30. Dette blir gjennomført digitalt på nett, men på ein forsvarleg måte, slik at vi blant anna kan få godkjent årsrekneskap og gjennomføre val av styre.
– Vi har også veldig lyst til å få æra dei som ærast skal også i år, blant anna kåre Årets lokalavis. Vi håper derfor å få til ei fagleg samling i løpet av hausten, der vi samme døgn både drar i gang det redaksjonelle samarbeidsprosjektet med NRK, har Lokal & digital og eit landsmøte «light» med utdeling av dei prisane som skulle ha vore delt ut i Ålesund. Vi har eit sterkt ønskje om å få dette til, men må avvente nye råd frå helsestyresmaktene før vi går ut med dato, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik. Neste år inviterer LLA uansett til landsmøte i Ålesund, frå fredag 12. mars 2021.
LLA minner også om at vi før påske lanserte tre annonsekampanjer som avisene framleis kan bruke:
1: LLAs egenannonser med takk og oppfordringar til annonsørar og abonnentar. Her forteller vi også kommunane om at lokalavisa er ein god og nyttig annonsekanal. Denne kampanjen er berre laga for papirutgåvene, og våre tre heilsider og halvsider kan hentast her i LLAs idébank.
2: Stopp. Tenk. Sjekk-kampanjen for å gjere folk meir bevisste på kva som er ekte nyhende. Informasjonskampanjen er eit samarbeid mellom Medietilsynet, Faktisk.no og LLA. Også dette materiellet, for nett og papir, kan du hente her i LLAs idébank.
3: Alle presseorganisasjonenene – altså vi i LLA, Mediebedriftenes Landsforening, Norsk Journalistlag, Fagpressen, Norsk lokalradioforbund, Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund – starta rett før påske kampanjen «Takk for tilliten». Du kan til dømes legge inn logoen #takkfortilliten som facebook-filter og dele teksten på sosiale medier, skrive kommentarartikler, leiarar eller lage eigenannonser. Formen velger du sjølv. Her finner du tekst som du kan bruke som utgangspunkt. Same plass kan du laste ned logoen og ulike bildekollasjer. Slik kan du gjere det på Facebook: 1) Trykk på ditt profilbilde på Facebook. 2) Velg «Legg til ramme». 3) Søk etter #takkfortilliten og ta filteret i bruk.
Før påske la vi også ut fleire nye markedsidear og tips til redaksjonelle saker i idébanken. Kvar veke fyller vi på med nye saker som vi trur og håper at lokalavisene har nytte av.