NidelvenHotellet1web

Dette bør du notere deg for 2015

Når vi no er i gong med det nye avisåret, inviterer LLA til nye nyttige arrangement for lokalavisene. Sjekk viktige datoar her:

Det nye året blir også eit år med nye opplagsreglar for avisene. Når 2014-opplaget skal reknast ut, må alle aviser mellom anna ta hensyn til nye rabattreglar. Tidleg i januar inviterte derfor Norsk Opplagskontroll og Henry Nilsen til ein grundig gjennomgang av dei nye opplagsreglane – både i Bergen, Oslo og Ålesund.

Merk at fristen for å sende inn årets opplagsoppgåver er 20. januar 2015. LLA har sendt ut ny håndbok for opplagsberegning til alle medlemsaviser, men du kan også henta den på Norsk Opplagskontroll sine nettsider.

Omtrent samtidig inviterer LLA til seminar om journalistikk om kommunestyrevalet og kommunesamanslåingar. Dersom avisa di kjem til Gardermoen torsdag 22. januar får du med deg spennande tankar og praktiske tips om korleis avisa di kan lage gode aviser heile året om lokalvalet og eventuelle kommunesamanslåingar. Sjekk programmet her og meld deg på så snart som mulig!

Til våren byr vi på årets høgdepunkt for lokalavis-familien: 17. april opnar LLAs landsmøte i Trondheim. Då skal det handla om engasjement i lokalmiljøet, engasjerande journalistikk og like engasjerande markedsarbeid. Sjekk tidsskjemaet vårt, og legg spesielt merke til at vi alt har invitert LLAs aviser til å vera med i årets aviskonkurransar. Fristen for å senda inn bidrag til aviskonkurransane er 30. januar. Informasjon om landsmøtet og aviskonkurranse ser du her.

Med andre ord: Det er mykje å sjå fram til og vi gler oss til det nye året.

Har du spørsmål om det eine eller andre, kan du sende ein epost til lla()lla.no

PS! Fekk du med deg den nye brosjyren vår om dei tre viktigste grunnane til å vere med i LLA? Du kan uansett lese meir om medlemsskap i Landslaget for lokalaviser her.

NidelvenHotellet1web

I april blir det landsmøte på Scandic Nidelven Hotel (bildet) i Trondheim. Les om landsmøtet og aviskonkurransane her.