Redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad og tre andre aviser i LLA-familien skal samarbeide om analyseverktøy for å bli bedre på nett. Foto: Gro Birgitte Røiland.
– Vi i LLA er glade for at så mange lokalaviser går i gang med nye og fleire innovasjonsprosjekt. Det siste året med pandemien har vore ei sterk påminning om kor nødvendig det er å vere offensiv på nett. Vi gler oss derfor over at Kulturdepartementet og Medietilsynet no stiller nye innovasjonsmidlar til rådvelde. Vi gler oss til å følge lokalavisene sitt innovasjonsarbeid. Det seier generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser (LLA).
Bruvik er innovasjonsansvarleg i LLA og har ansvaret for at LLA bidrar med fagleg kompetanse og inspirasjon overfor lokalavisene sine redaksjonelle innovasjonssatsingar, noko som også blir støtta økonomisk gjennom midlane som Medietilsynet har fordelt i dag.
– Eg er trygg på at både den enkelte lokalavis og vi i LLA skal gjere eit godt arbeid som til sjuande og sist kjem til nytte blant avislesarane og innbyggjarane i heile Norge, seier Bruvik.
Med over éin million kroner i potten er Vest-Telemark blad, Dølen og Firdaposten mellom LLA-avisene som får aller mest i år. Desse avisene får støtte til samarbeidsprosjektet «Nyhende på framandspråk og til førstegongsveljarar med levande bilde». Målet er å særleg nå unge førstegongsveljarar ved årets stortingsval med levande bilde på nye plattformer.
Også Bø blad har fått ansvar for å forvalte nesten éin million kroner. Avisa skal samarbeide med Avisa Hemnes, Grannar og Ryfylke.
– Vi er fire små uavhengige aviser som skal vinne fleire abonnenter på nett. Skal vi lukkast med det, må vi ha analyseverktøy og vi må gjere noko systematisk med informasjonen og talmateriellet som ligg der. Det seier Bø blad sin redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje.
– Til dømes er Amedia veldig flinke på dette, vi mindre og uavhengige aviser må også bli flinkare til å bruke data om lesarane og lesarvanane, sier Eika Nesje. Bø blad-sjefen skal også ha eit eige innovasjonsprosjekt om det internasjonale miljøet i Midt-Telemark kommune.
– Vi har eit rikt internasjonalt miljø med 170 nasjonalitater blant innbyggjarane våre. Tanken er å presentera desse i nettavisa vår. Slik skal vi skape identitet og vise mangfald i våre no samanslåtte kommunar. Dermed skal vi også bevisstgjere folk og vere med å bygge bru mellom innbyggjarane, seier Hilde Eika Nesja til LLAs nettsider.
Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, seier dette om innovasjonsmidlane i ei pressemelding:
– Støtta skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, og det har vi tatt omsyn til i tildelinga.
På Medietilsynet sine nettsider ser du kven som får kva til innovasjonsarbeidet.