Bygdebladet lanserte nettavisa 14. mai. Her ser vi redaktør Reidar Opsal (t.v.) og marknadssjef Knut Oscar Opsal. Foto: Benjamin Opsal, Bygdebladet
Bygdebladet lanserte nettavisa 14. mai. Her ser vi redaktør Reidar Opsal (t.v.) og marknadssjef Knut Oscar Opsal. Foto: Benjamin Opsal, Bygdebladet

Bygdebladet no også på nett

Sunnmøringane som driv Bygdebladet håpar dei klarar å halde oppe omsetnaden når dei no satsar på både nett og papir.

– Vi innser at ein del aldersgrupper ikkje er like naturlege lesarar av papiravisa, difor var det no på tide med nettavis, seier redaktør Reidar Opsal i Bygdebladet i Møre og Romsdal.

Halvanna veke tok det frå dei bestemte seg, til nettavisa var på plass.

Bygdebladet har gått for ei løysing der alt stoffet er plussa. Opsal håpar at folk har blitt meir villige til å betale for innhald på nett dei siste åra.

Redaktøren er spent på korleis det går med annonsesalet på nett, ikkje minst no når annonseinntektene har vore nær null dei siste månadene. Salsavdelinga har vore permittert, men er no delvis tilbake.

Papir først

– Det er forskjell på å selje ei heilsides annonse i papiravis og ei nettannonse, konstaterer Reidar Opsal.

Papiravisa som kjem to gonger i veka vil framleis vere hovudproduktet for Bygdebladet.

– Bortsett frå hendingar vil vi tenkje papir først for å halde papiravisa aktuell.

Likevel har Bygdebladet allereie ei velfylt nettavis. Dei publiserer ti saker om dagen, og første dagen la dei ut alle sakene frå siste veka.

Som ei rein papiravis under koronakrisa har dei hatt minst like tjukk avis som vanleg, trass i kraftig nedgang i annonsemengda.

– Vi har kjørt hardt på i denne tida. Er det ei tid folk treng informasjon, så er det i krisetid, seier Opsal.

Rask prosess

Bygdebladet gjekk for publiseringsløysinga Newsflow frå leverandøren Thin, som LLA har samarbeidsavtale med. 14. mai vart nettavisa lansert.

– Det har stort sett gått bra, men det kan vere ei utfordring, også for oss, at alle lesarar må lage brukarnamn og passord og stadfeste dette. Det har mellom anna vore nokre e-postar som har hamna i søppel-filteret. Vi har forsøkt å guide dei gjennom prosessen, seier Opsal.