I desse dagar arbeider Skattedirektoratet med detaljane om fritaket for meirverdiavgift for elektroniske nyhendetenester. Desse forskriftene skal etter kvart inn i Meirverdiavgiftslova.
I ei høyring om forskriftene skriv Landslaget for lokalaviser (LLA) at vi stort sett er samd med utkastet til forskrifter. Mellom anna skriv vi i høyringsrunden at … «LLA er einig med Skattedirektoratet om at prinsippa for avgrensinga for papiravgiftsfritaket skal ligge til grunn, men samstundes vere framtidsretta i forhold til teknologi ved at levande bilete, lyd og grafikk også vert omfatta».
LLA synest også at det er viktig at det blir lagt til grunn ei tolking av definisjonen for nyheiter og aktualitet som omfattar eit breitt kultur- og samfunnsliv og som legg vekt på å ta vare på norsk språk, både bokmål og nynorsk, og samiske språk.
Når det gjeld Skattedirektoratets forslag om at enkeltartiklar ikkje skal vere omfatta av fritaket, skil vi lag: «Per i dag er det lite sal av enkeltartiklar i lokalavisene, men det vil vere særs uheldig å utestenge dette i ei tid der avisene arbeider hardt med å finne gode betalingsmodeller for redaksjonelt innhald. Det er ein realitet at bruks- og kjøpsmønster er i endring, og varierer mellom generasjonar. Avisene arbeider spesielt aktivt for å rekruttere unge lesarar og kjøp av enkeltartiklar kan vere ein måte å nå fram på», skriv LLA i høyringsnotatet sitt.
Du kan lese heile LLAs høyringsnotat her, som pdf-fil:
På Skattedirektoratets nettsider kan du lese øvrige høyringsuttaler.
For eventuelle kommentarar:
Rune Hetland, generalsekretær i LLA, rune()lla.no, dir. tlf. 452 89 444.