Bare halvparten får koronastøtte

I desse dagar betaler Medietilsynet ut den såkalla koronastøtten til mediebransjen. Nesten 60 lokalaviser i LLA-familien søkte, bare halvparten av desse får støtte.

Dei knappe 30 avisene tilknytt LLA får totalt knappe 10 millionar kroner i kompensasjon for inntektsbortfallet tidlegare i år. 27 aviser har fått avslag av ulike grunnar.

Det er LLAs generalsekretær Tomas Bruvik lite nøgd med:

– Alt dette viser klart at det er dei aller største mediene som får mesteparten av kompensasjonen. Vi har heile tida påpeika og frykta at ordninga med koronastøtten ikkje ville treffa dei minste avisene og dermed mange av LLAs medlemsaviser.

Stortinget løyvde i si tid 300 millonar kroner i kompensasjon til mediene. Drøye 90 millionar kroner  av denne potten blir brukt no. Kva som skjer med resten, vil tida vise.

Saken held fram under annonsen.

LLAs Tomas Bruvik seier dette:

– Vi skal i dialog med både Kulturdepartementet og politikarar i vekene framover for å sjå etter løysingar som kan «redda» mange av LLA-avisene som har det tøft no. Vi veit godt at det er vanskelege tider for ei rekke aviser, det er på ingen måte slik at alt no går på skinner. Med ein god dialog med departementet og det politiske miljøet, håpar vi å kunne finna meir treffsikre løysingar.

– Vi håpar det er vilje til å bruke av dei restrerande midlane på 210 millionar kroner, slik at lokalavisene våre kjem gjennom den tøffe tida mange framleis står midt oppe i, seier Bruvik.

Les meir om saka på Medietilsynets nettsider. Der finn du også oversikt over kor mykje kvar avis får utbetalt.

Sjå også meir på Kampanje.com om saka.