kulturkomite4

Avisene må no ha 50 millionar kroner meir i produksjonsstøtte

Måndag gjentok Landslaget for lokalaviser (LLA) overfor Stortinget at det no må inn i statsbudsjettet 50 millionar kroner meir til produksjonsstøtte til avisene.

kulturkomite6

Denne klare meldinga kom LLA med då vi deltok i Stortingets kulturkomites høyring om neste års statsbudsjett. Også dei andre presseorganisasjonane samlar seg om kravet. På høyringa deltok mellom anna Mediebedriftenes Landsforening og Norsk Journalistlag.

Det var generalsekretær Rune Hetland (i midten) som la fram LLAs budskap i kulturkomiteen. Hetland sa mellom anna dette under høyringa:

–  Først må me nok ein gong få gi ros for avgiftsfritaket også digitalt. Dette var svært viktig og har gjort at nå kan alle, også lokalavisene, gi full gass digitalt og det med betalingsløysingar. Lesarbetaling er viktigare enn nokon gong, og auka betalingsvilje er eigentleg det som har hindre endå større problem i mediebransjen. Me vil likevel, som komiteen sikkert har forstått, be om minst 50 millionar i auke i produksjonstilskottet – i tillegg til det som nå er foreslått i statsbudsjettet for neste år. Det er etter vårt syn, i nåverande situasjon for avisene, eit nøkternt ønskje. Er dykk redde for at for mykje av auken skal gå til nokre få aviser, så veit kulturkomiteen at LLA meiner at det bør innførast eit golv i støtta som løftar dei avisene som får minst i dag. Eit skikkeleg golv er trygt!

Heile innlegget til LLAs generalsekretær kan du lese på slutten av denne artikkelen. Du kan også sjå heile høyringa i tv-opptak, på Stortingets eigne nettsider.

kulturkomite5

kulturkomite1

Desse deltok frå presseorganisasjonane: Frå venstre Kari Lisbeth Hermansen og Geir Wulff (begge frå Sálas, samisk avisforening), Randi Øgrey og Bjørn Wisted frå MBL, Rune Hetland frå LLA, Thomas Spence og Richard Aune frå Norsk Journalistlag og Berit Nyman frå Fagpressen.

Vil du lese om høyringa i Stortingets finanskomite sist torsdag, der LLA også deltok, kan du lese eigen artikkel om det her. I samme artikkel ser du også nokre kronikkar og artiklar som LLA står bak dei siste par vekene.

Torsdag 27. oktober klokka 14.40 stiller LLA i enda ei høyring på Stortinget – hos transport- og kommunikasjonskomiteen. Då skal vi spesielt snakke om avisenes stadige høgare utgifter med å få distribuert avisene ut til abonnentane. Høyringsprogrammet og tv-overføring frå høyringa i transportkomiteen blir etter kvart lagt ut på Stortingets nettsider.

LLAs innlegg i kulturkomiteen:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA; innlegg i Stortingets familie- og kulturkomite 17. oktober 2016 (oppdatert versjon)

«Takk for at me får kome her og snakke om verdas viktigaste aviser, grunnfjellet i mediemangfaldet i Norge, dei over hundre lokalavisene landet rundt frå Svalbard i nord til Søgne i sør.

Eg heiter Rune Hetland og er generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, LLA.

Eigentleg skulle styreleiar i LLA, Roar Vigeland Osmundsen, vore med her i dag, men han måtte melde avbud. Med ein medarbeidar på haustferie klarar han rett å slett ikkje å koma frå. Han må vere heime å laga avis i eit område med tøff konkurranse. Osmundsen er einleiar i Søgne og Songdalen Budstikke og har på grunn av dei krevjande tidene på inntektssida måtta kutta frå 7 til 5 medarbeidarar. Det tilsvarer om ei avis med 200 medarbeidarar må kutte over 50 tilsette; det er dei me les mest om.

Så sjølv om lokalavisene har klart seg godt i lesarmarknaden, og har hatt svært liten nedgang i abonnentar, så opplever dei fleste tøffe tider på grunn av ein utruleg utfordrande annonsemarknad.

I ein sånn situasjon er me verkeleg bekymra for den utviklinga me har sett i pressestøtta dei siste åra. Lokalavisene mottar berre ein fjerdedel av den samla støtta, og det er ikkje mykje til kvar avis. Men spesielt nå er dette ei støtte svært mange av lokalavisene er heilt avhengige av for å overleve – for å  unngå å kutta for mykje i staben og altså kunne gi ut eit godt avisprodukt som alle lesarane rundt om i landet fortener.

Før var det sånn at pressestøtta til dei minste avisene grovt sett dekka eitt (1) årsverk i redaksjonen. Utan inflasjonsjustering sidan 2013, altså dei siste fire åra, er det eit svært merkbart reelt kutt.  Nå er ikkje støtta nok til meir enn 70 prosent av eit årsverk, og i tillegg misser lokalavisene eigeninntekter på annonsesida, både frå store aktørar, men også frå lagslivet, som tidlegare var viktige annonsørar, men som nå i større grad brukar Facebook.

Pressestøtta er altså viktigare enn nokon gang.

Avisene slit som kjent med å oppretthalda inntektene på papir, og har ikkje klart det ein håpa på; nemleg å erstatte dette med berekraftige inntekter digitalt.

Det er krevjande tider, me får alle håpa det er snakk om ein overgangsperiode. Men dersom det ikkje istadenfor skal bli ein undergangsperiode for det mediemangfaldet dei fleste av oss er så stolte av, då må styremaktene auka støtta og hjelpa avisene, istadenfor å gjera livet endå vanskelegare med eit reelt kutt som nå er på over 50 millionar kroner sidan 2013.

Berre ei inflasjonsjustering av nivået i 2013 fram til 2017 ville vere over 50 millionar kroner høgare produksjonstilskott enn det som nå er foreslått.

Dette er mykje og kan få svært alvorlege følgjer; det er alt redusert med om lag 1100 journalistar dei siste 7-8 åra og kutta fortset.

Så alvorleg er dette at det må vera lov å spørje om det er politisk ønskje og vilje til å ta vare på det unike mediemangfaldet me har her i landet, eller om ein ønskjer å svekke den kritiske journalistikken?

Sjølvsagt svekkar ein journalistikken og mulighetene til å løyse samfunnsoppdraget når ein må kutte i antal journalistar.

Det er til sjuande sist heile vårt demokratiske samfunn som blir svekka, i ei tid der ein treng fleire og ikkje færre til å sjå kritisk på eit stadig meir komplisert samfunn.

Blir lokalavisene svekka blir også rekrutteringa til bransjen svekka, då dei fleste journalistar startar i ei lita lokalavis, og mange går så vidare i det flotte mangfaldet me har. Mindre til frilans og færre ledige jobber gjer inngangsdøra til journalistikken smalare – noko alle taper på.

Så til tall.

Først må me nok ein gong få gi ros for avgiftsfritaket også digitalt. Det var svært viktig og har gjort at nå kan alle, også lokalavisene, gi full gass digitalt og med betalingsløysingar. Lesarbetaling er viktigare enn nokon gong, og auka betalingsvilje er eigentleg det som har hindre endå større problem.

Me vil, som dåke sikkert har forstått, be om minst 50 millionar i auke i produksjonstilskottet – i tillegg til det som nå er foreslått.

Det er etter vårt syn i nåverande situasjon for avisene eit nøkternt ønskje.

Er dåke redde for at for mykje av auken skal gå til nokre få aviser, så veit dåke at LLA meiner at det bør innførast eit golv i støtta som løftar dei som får minst i dag. Eit skikkeleg golv er trygt!

Så har me det flotte ordet innovasjon.

Innovasjon har jo avisene alltid drive med kontinuerleg, og eg er stolt over all nyskaping og kreativitet i avisproduktet og på markedssida – som er gjort og blir gjort rundt om i lokalavisene.

Men når det gjelder å knekka koden på dei digitale inntektene har ingen klart å knekka koden.

Her kunne ein ønskje nesten ubegrensa, men i LLA har me alltid vore og er nøkterne og vil beskjedent be om ei eiga støtte på 1 million kroner til digital innovasjon, kanalisert gjennom LLA med det formål å først og fremst gi hjelp til de minste avisene, og spesielt de som står utenfor konserna. Dette hastar!

Der store aviser snakker content marketing og videoreklame, er det mildt sagt svært krevende for små aviser med frå ein til eit par-tre markedsmedarbeider å løyse dette.

LLA ønsker å løyse denne utfordringa sammen med lokalavisene og ber derfor om ei tidsbestemt støtte til dette, i første omgang ein million i året over tre år. Me har tidlegare vist at når lokalavisene løftar saman så gir det resultat og trur at det skal vere muleg å få synlege resultat av sjølv såpass beskjedne summar.

I praksis foreslår me at digitalstøtte til LLA kan kanaliserast ved å øyremerke ein auke i posten for etterutdanning. Vi må altså ha ein million kroner i friske pengar til etterutdanningsposten.

Til slutt nokon ord om distribusjon og posten: Distribusjon har ein uforholdsmessig høg kostnadsvekst dei siste åra. Dette skuldast fleire forhold, blant anna at dei fleste dagsaviser har fått redusert opplag, då stig prisen for alle. Posten har også auka prisen langt over inflasjonen og fortset med det. Frå 1. mars i år har også Posten lagt ned ordinær postomdeling laurdag og frå 1. november er laurdagsomdeling av aviser i nye hender etter anbud.

Me får berre håpe dette går vel, men det vil uansett påføre avisene ekstra kostnader. Me vil be komiteen som er ansvarleg for mediene om å følgje nøye med på denne utfordringa, og utgreie distribusjonsstøtte som står i forhold til den ekstrakostnaden avisene får. Om dette skal gå via kulturbudsjettet eller samferdselsbudsjettet får de saman finne ut av.

Lukke til med eit budsjettarbeid som sikkert blir krevjande. Men eg stolar på at dåke vil oss vel.»

Her kan du laste ned pressepolitisk notat, som vi delte ut til stortingspolitikarane:

llastortingspresentasjon

Har du spørsmål eller kommentarar, kan du sende dette direkte til Rune Hetland, rune()lla.no