For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.
For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.

Avisene henta seg inn etter pandemien

Etter eit krevjande 2020 med pandemi henta avisene seg inn i 2021. Dei minste lokalavisene har likevel fått svekka lønsemd før tilskott.

Etter eit krevjande 2020 med pandemi henta avisene seg inn i 2021.

Samla er fjoråret eit av åra med best økonomiske resultat det siste tiåret. Men økonomirapporten frå Medietilsynet viser og at det er store variasjonar, der dei minste lokalavisene har fått svekka lønsemd før tilskott. Auka tilskott gjorde at det økonomiske resultatet likevel er betre.

Pressepolitisk rådgjevar i LLA Rune Hetland er glad for at lokalavisene har råd til å gjere nødvendige satsingar.

– Heldigvis gjekk det betre enn frykta under pandemien, og heldigvis fekk lokalavisene auka produksjonstilskott akkurat frå 2020. Det er avgjerande for at dei fleste mindre lokalavisene har kome seg heilskinna gjennom ei vanskeleg tid, har fått henta seg inn og nå kan gjere heilt nødvendige satsingar redaksjonelt. For svært mange er det ikkje minst viktig å satse ekstra digitalt, seier pressepolitisk rådgjevar i LLA Rune Hetland i ein kommentar.

Auke på sju prosent

Rapporten frå Medietilsynet viser at samla sett frå 2020 til 2021 auka avisenes driftsinntekter med sju prosent, til 12,1 milliardar kroner. Til samanlikning hadde avisene 15,2 milliardar kroner i inntekter i toppåret 2008.

Direktør Mari Velsand i Medietilsynet forklarar den positive utviklinga i driftsresultat med auka driftsinntekter og ein kontrollert kostnadsvekst.

Brukarinntektene – altså inntekter frå abonnement og laussal – har vore avisenes største inntektskjelde sidan 2015. I 2021 var det ein vekst på nesten fire prosent frå året før.

Digitale annonseinntekter størst

Annonseinntektene har gått ned kvart år sidan Facebook og Google kom inn på den norske annonsemarknaden i 2013, men i fjor snudde det til ein fin vekst på 14,8 prosent. Det er positivt etter eit dramatisk fall i annonseinntektene i pandemiåret 2020.

Rapporten frå Medietilsynet viser og at digitaliseringa har auka i fart og det reine digitale  opplaget auke med 16 prosent i 2021. Samla utgjer dei digitale brukarinntektene nå nær 37 prosent av dei totale brukarinntektene. I 2021 var dei digitale annonseinntektene for første gang større enn annonseinntektene på papir. Men her er det grunn til å merke seg at det er store skilnader. Nokre store digitale medier, blant anna VG, slår sterkt ut på samla resultat. For dei fleste lokalavisene  er annonseinntektene framleis klart størst frå papiravisa.

Medietilsynets rapport viser og at avisene i 2021 har tilsett fleire redaksjonelle medarbeidarar etter år med reduksjon.

– Dette tyder heldigvis på at pandemien ikkje har svekka avisenes redaksjonelle kraft, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.