Det er Nationen, Klassekampen og vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) som i desse dagar drar i gong underskriftskampanjen «Avisa skal fram». Vi oppfordrer særleg alle avisredaktørane våre om å signere redaktøroppropet. Målet er avislevering i heile Norge også dei neste åra.
I tillegg kan alle andre også vere med og understreke alvoret i saka. Vi har laga eit postkort som skal sendast til samferdsleminster Jon Georg Dale og kulturminister Trine Skei Grande. Dette kan alle signere via nettsida til kampanjen, vi tar oss av resten.
Bakgrunnen for redaktøroppropet og underskriftskampanjen er forslaget til ny postlov, der Posten vil gå med post og aviser berre 2-3 gonger i veka. Dette meiner LLA svekker lokaldemokratiet og kan bety nedlegging av fleire lokalaviser.
Sjekk ut Avisa skal fram-kampanjen her. Er du redaktør i lokalavisa di, og vil vere med på oppropet, finn du det nederst på kampanjesida.