LLA-gjengen jan 2019

Årets mannskap

Landslaget blir bedre og bedre dag for dag! Det tør vi sjølve ubeskjedent påstå etter at LLAs sekretariat og frilansarar nyleg var samla til idèdugnad for årets landsmøte, innovasjonsarbeid og alt anna vi skal få gjort i løpet av året vi no er godt i gang med.

Sjå godt på bildet. Det viser, fortsatt ubeskjedent nok, seks motiverte medarbeidarar i Landslaget for lokalaviser (LLA) som skal hjelpe og inspirere avisene gjennom tjukt og tynt også i 2019. Men rett skal vere rett; Akkurat som i lokalavisene sjølve, er og blir lokalavisenes sekretariat nøkternt bemanna. Seks hovuder er til saman framleis berre rundt tre faste årsverk. La oss ta heile runden, frå høgre til venstre på bildet:

Lene Østberg

Lene er LLAs organisasjonssekretær på heiltid. I desse dagar samlar ho inn opplagstal, oppdaterer Nærpressekatalogen, sorterer i innsendte bidrag til årets aviskonkurransar og leiter ivrig blant anna etter passande kulturinnslag til landsmøtet i elvebyen Drammen. Lene er på mange måtar limet i LLA og held orden på stort og smått – også kursaktivitetane til Landslaget for lokalaviser.

Mobil: 452 89 222, lene()lla.no

Laila Borge

Laila er tilbake frå foreldrepermisjon og skal no vere med i avisgjengen vår to dagar i veka. Ho tittelerer seg som redaksjonell fagmedarbeidar og har eit særleg ansvar for idèbanken. Alt i denne veka håper og trur vi at lokalavisene får eit nyhetsbrev med tips til gode saker i LLAs skattkiste av idear og nyttige erfaringar. I tillegg skal Laila engasjere seg i eit klimajournalistikk-prosjekt som Framtida.no, Energi og Klima og LLA skal arbeide med fram til kommunestyrevalet i år. Les gjerne meir om klimajournalistikken på Framtida.no.

LLAs idébank er åpen døgnet rundt, ta gjerne turen innom i dag eller i kveld.

Mobil: 994 62 687, laila()lla.no

Thomas Frigård

Thomas er faktisk den einaste av oss som kunne ha vore på eit fotball-landslag! Det siste året har heldigvis den tidlegare proffspelaren i Østerike, og no Raumnes-journalisten, i staden brukt èin dag i veka på vårt landslag – for å hjelpe LLA-avisene til å bli bedre i gravejournalistikk. Thomas bidrar med velmeinte råd i ein tydeleg innpakning – slik at lokalavisene stablar på beina gode lokale graveprosjekt som Stiftelsen Fritt Ord kan bidra med økonomisk støtte til. Prosjektmedarbeidaren er med oss fram til landsmøtet i Drammen og han står på til siste slutt: I Drammen har han programansvaret for grave lokalt-seminaret dagen før dagen. Snart finn du Thomas også hos Kommunal Rapport, han begynner der om ei vekes tid.

Mobil: 415 42 956, thomas()raumnes.no

Rune Hetland

Rune er LLAs generalsekretær og den som nesten døgnet rundt arbeider med pressepolitikk og rammevilkår. Og avisdistribusjon – også det ein jobb som aldri tar slutt! Sjølv påstår sjefen vår at han snart skal ned i 80 %-stilling, men det trur vi ikkje på før vi får sjå det. I alle fall kjem det ikkje til å skje før regjeringa legg fram ny postlov og den etterlengta mediemeldinga om morgondagens mediepolitikk. Når desse kjem, og fram til sakene er vel gjennom Stortinget med gode løysingar for lokalavisene, har vi ein mistanke om at Rune framleis kjem til å bruke akkurat like mykje tid på LLA og lokalavisene som han alltid har gjort.

Mobil: 452 89 444, rune()lla.no

Tomas Bruvik

Tomas er leiar for LLAs nye innovasjonsprosjekt – som har fått økonomisk finansiering gjennom Kulturdepartementet og Medietilsynet. Frå før av er vår nye innovasjonsleiar også styreleiar i LLA – og dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Kvinnheringen. Det neste halve året skal Tomas ha permisjon frå avisa og heller bruke tida si på å hjelpe spesielt dei minste avisene til å løfte seg digitalt. Det trur vi han klarer på ein utmerket måte. Blant anna fordi Tomas er flink til å få tak i ny kunnskap og glad i vere ute blant folk. På mange måtar skal Tomas vere ein vegvisar og formidlar av kunnskap som etter kvart skal gjere lokalavisene enda meir innovative. Snart kan du truleg chatte med Tomas via LLAs nettsider. Du får også tak i han slik:

Mobil: 411 08 523, tomas()lla.no

Geir K. Hus

Akkurat som dei fleste andre markeds- og informasjonssjefar har Geir fingrane sine borti veldig mykje av det som skjer. I LLA handlar det no mest om landsmøtet, synleggjering av lokalavisene som nyttig mediekanal og om kompetansebygging. Som nokon vil vita, har Geir også skulda for ei bok om E134 Haukelivegen og har derfor av og til framleis litt permisjon for å vere ute på vegen mellom øst og vest. Då får han heldigvis også anledning til å møte gode lokalaviser langs vegen.

Mobil: 452 89 333, geir()lla.no

Heile avisgjengen håper å få sjå deg på LLAs landsmøte i elvebyen Drammen. Meir informasjon om kva som er på gang der, finn du her.