Vidar Herre (til høgre) var til stades og tok i mot prisen for Årets lokalavisfoto. Hallingdølens redaktør Lillian Holden tok i mot prisen på vegne av Sindre Thoresen Lønnes.
Eitt av bildene til Vidar Herre i serien som er kåra til Årets lokalavisfoto.
Eitt av bildene til Sindre Thoresen Lønnes i serien som også blei kåra til Årets lokalavisfoto.
Håvard Sætrevik i Grenda, Caroline Utti i Hallingdølen, Tore Vikan i Steinkjer-Avisa og André Kjernsli i Vårt Oslo fekk heiderleg omtale i lokalavisenes fotokonkurranse.
Med dette er årets prismarkering for lokalavisene i gang. LLA sender direkte frå Hotel Christiania Teater i Oslo, der nokre av prisvinnarane er samla. Samtidig har fleire lokalaviser eigne arrangement på avishusa rundt omkring i Norge, der dei følgjer årets prismarkering digitalt. Slik får lokalavisene også markert at dei er grunnfjellet i mediemangfaldet i Norge. Over 110 aviser er tilknytt LLA i dag, frå Svalbardposten i nord til Avisa Lindesnes i sør.
LLAs styreleiar Øystein Øygarden innleia kveldens prismarkering.
Under opninga helsa også kulturminister Abid Raja til lokalavisene. Kulturministeren sa mellom anna at lokalavisene skaper tilhøyrsle og identitet – og speler ei uvurderleg rolle i lokaldemokratiet.
Programleiar for prisfesten er LLAs generalsekretær Tomas Bruvik. I tillegg til Årets lokalavisfoto, skal Bruvik utover kvelden også introdusera følgjande prisutdelingar: Årets lokalavisside, Årets digitale satsing, Journalistprisen og markedsprisen. Til slutt kåres Årets lokalaviser.
Om Hallingdølens vinnarbilde:
Dette kunne nesten alle lokalaviser gått ut og gjort, men juryen for Årets lokalavisfoto har berre sett at det er Sindre Thoresen Lønnes og Hallingdølen som verkeleg har gjort det! Fotojournalisten står bak ein framifrå jobb der maskinar og folk kjem fram på ein kontrastrik måte i spennande og naturlege rammer. Bileta er visuelt tydelege, enkle og sterke. Heile biletreportasjen er svært flott utforma og tiltalande. LLAs jury kårer med stor glede Sindre Thoresen Lønnes og Hallingdølens biletserie «Min maskin» til Årets lokalavisfoto!
Alle bildene her (Sjå Vidar Herres bilde lengre ned i saken):
Om Hordalands vinnarbilde:
Lesarane får heilt sikkert mykje energi av biletserien med bubil-bohemen! På ein framifrå måte tar Avisa Hordalands fotojournalist Vidar Herre oss med inn i eit uvanleg univers med kunstnaren og levemannen Eivind Løberg. Kvar enkelt bilete er svært godt utført, i sum er serien variert og spanande. Bileta er godt komponerte, med fin bruk av ljos. Vidar Herre og Hordaland sin biletserie er Årets lokalavisfoto.
Her er bildene som fekk heiderleg omtale:
Foto: Tore Vikan i Steinkjer-Avisa
Foto: André Kjernsli i Vårt Oslo