Idedugnad møte

Avlyst: Årets idédugnad på årets landsmøte

Når lokalavisene inntar Ålesund i mars, gjer LLA klart for avisbransjens kanskje største idédugnad. Lokalavisene skal blant anna prøve å finne nye inntektsmuligheter.

Førebur tidenes største idédugnad for lokalavisene: Arne L. Bygdås i Oslo Met (t.v), Tomas Bruvik og Lene Østberg i LLA  – og Aina Landsverk Hagen i Oslo Met.

LLAs landsmøte 2020 blir ei spennande blanding av matnyttige føredrag, kurs, avisprat, erfaringsutveksling, kulturinnslag og gjeve prisutdelingar. I Ålesund skal vi dessutan toppe årets lokalavissamling med tidenes idédugnad! Med minst 200 lokalavismedarbeidarar, leverandørar og andre lokalavisvenner samla på èin plass, inviterer vi til jakten på nye inntektsmuligheter, bedre journalistikk og større lesarengasjement.

– Bakteppet er dei store omveltningane som skjer rundt oss. Vi ser er tydeleg at særleg ungdommen, men også eldre generasjonar, har heilt andre medievaner enn det vi sjølv hadde då vi var yngre. Mange ungdommar bruker nok mykje meir tid på YouTube enn på lokalavisa. Også våre lokale annonsørar har eit hav med nye plattformer å bruke markedsbudsjetta sine på, seier LLAs nye generalsekretær Tomas Bruvik. Og spør:

– Kva gjer vi med dette? Og alt anna som skjer rundt oss – som faktisk påvirker korleis vi bør drive lokalavisene våre i dag og i morgon og om fem år?

– Dette vil vi prøve å svare på i Ålesund. Vi trur nemleg at lokalavismedarbeidararne sjølve, og våre leverandørar og øvrige gjester, har mange gode tankar, idear og svar. Når minst 200 lokalavisvfolk kjem saman, så er nettopp dette anledningen vi bør bruke til å sleppe oss lause og dyrke dei spennande ideane. Eg trur vil skal klare å dyrke fram både praktiske tiltak avismedarbeidarane kan gå i gong med første arbeidsdag etter landsmøtet – og idear som avisene kan jobbe med på litt lengre sikt. Dette skal bli innovasjonsarbeid i praksis, seier Bruvik.

Tidenes største idédugnad blir på landsmøtets andre dag – og skal leiast av Aina Landsverk Hagen og Arne L. Bygdås ved Oslo Met. Hagen og Bygdås har også tidlegare jobba med aviser og dei har god erfaring med denne type kreative prosessar. Tidlegare i år var dei blant forfattarane av boka «Media Management and Digital Transformation».

– Saman skal vi få til ein idédugnad som landsmøtedeltakarane synest er kjekt å vere med på, og som vil opplevast nyttig for eigen aviskvardag, seier LLAs generalsekretær. Han håper og trur at enda fleire enn vanleg kjem til LLAs landsmøte – for å bidra til å gjere lokalavisene attraktive for morgondagens lesarar og annonsørar. Målet er at landsmøtedeltakarane skal få med seg masse god kunnskap som ein kan ta med seg heim i arbeidskvardagen.

Første landsmøtedag blir av den litt meir tradisjonelle sorten. Plenumsforedrag og matnyttige parallellsesjonar og kurs vil prega fredag 13. mars. Dagen avrundes med oppkjøring til Årets lokalavis, eigne musikalske talent i LLA-familien og Ken André Ottesen i Ba-DesKen. Som kjent elskar også han lokalavisene!

Les alt om LLAs landsmøte her.

Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså ca 100 meter unna landsmøtehotellet. Send ein epost til Lene Østberg i LLA (lene@lla.no) dersom du vil prøve å få plass.

Her finn du prisane for landsmøtet: Landsmøtepriser2020