Styreleiar Øystein Øygarden i LLA er glad for at det er politisk vilje til å sikre avisomdeling i heile landet også etter at Posten reduserer omdelingsfrekvens.
Departementet skriv i anbodsutlysinga at dei fekk eit felles forslag frå LLA og MBL om ei motsyklisk distribusjonsløysing. Det vil seie at vinnaren av anbodskonkurransen skal distribuere aviser mandag til fredag motsett dagar av Postens omdelingsdagar som vil variere frå mandag-onsdag-fredag ei veke, og tysdag-torsdag neste veke. På den måten får ein utnytta midlane som blir stilt til disposisjon, 255 mill. kroner i året i tre år, på ein best muleg måte.
Det ligg og inne ei vidareføring av anbodet på laurdagsomdeling som er skild ut i eige anbod. Departementet har i konkurransen delt landet i to leveringsområde, både for vekedagar og laurdagar.
Vi satsar det vi kan på digitalisering, men det er framleis papiravisa som finansierer det meste av journalistikken. Då er det sjølvsagt heilt avgjerande at papiravisa når fram til abonnentane. Difor er denne kompensasjonsordninga så viktig, seier Øygarden.
Håp om løft for lokalavisene i statsbudsjettet for 2020
Komande mandag 7.oktober legg Regjeringa fram Statsbudsjettet for 2020. Etter at kulturminister Trine Skei Grande la fram Mediestøttemeldinga på LLAs landsmøte i mars er det i LLA tru på at det vil kome løft i støtta til lokalavisene.
Vi legg ikkje skjul på at vi har store forventningar om at det skal koma eit tydeleg løft i produksjonstilskottet for lokalavisene i 2020. Vi håpar og trur at kulturminister Grande følgjer opp dei positive signala frå Mediestøttemeldinga, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.