Presse Groove Gerilja 5
Bilde 1 av 9
Bibbi Kjolaas
Bilde 2 av 9
Ken André Ottesen
Bilde 3 av 9
LLA landsmote 2019 Kvinnheringen
Bilde 4 av 9
IMG_0112
Bilde 5 av 9
Ålesund by utsikt 6
Bilde 6 av 9
Ålesund miljø 2
Bilde 7 av 9
Ålesund miljø 5
Bilde 8 av 9
Ålesund miljø 4
Bilde 9 av 9

Alt om lokalavisenes landsmøte her: Oppdatert deltakerliste og program – og meir om årets idédugnad

Det er eitt arrangement i året lokalavisene ofte prioriterer foran nesten alt anna: LLA og lokalavisenes landsmøte. No i 2020 er årets høgdepunkt i Ålesund. Sjekk oppdatert program og meld deg på i dag:

Her ser du kven som er påmeldt så langt:

LLAdeltakarar_per_11feb

Savner du deg sjølv eller nokon andre? Du melder deg på, og bestiller hotelrom, via påmeldingslinken vår her. Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså knappe 100 meter, unna landsmøtehotellet.

Det er smeltedigelen av alle typar avismedarbeidarar frå små og store lokalaviser som gjer LLAs landsmøte til årets opplevelse for svært mange. Vi lager ei velsmakande gryte med foredrag, kurs, erfaringsutveksling, leverandørstands, kulturinnslag, gjeve prisutdelingar og avisprat nesten døgnet rundt. I Ålesund slår vi også til med kanskje avisbransjens største idédugnad; i løpet av landsmøtets andre dag skal vi jakte på nye inntekter og nye måtar å arbeide på. Dette skal bli innovasjonsarbeid i praksis. Alt avsluttes med festmiddag, kåring av Årets lokalavis og musikalske høgdepunkt frå dei siste tiåra. Før vi kjem så langt, kan du få med deg alt dette:

Torsdag 12. mars klokka 17.00:

Dagen før dagen inviterer vi til leiarsamling med formelt årsmøte, generalforsamling i Lokalavissamkjøringa, pressepolitisk debatt og gjennomgang av rammevilkåra for lokalavisene. Vi får også besøk av Medietilsynets Mari Velsand og eit par stortingspolitikarar, blant anna Åslaug Sem Jacobsen (Sp) i kulturkomiteen på Stortinget. Slik får du med deg siste nytt om det som skjer med rammevilkåra og innovasjonsarbeidet i mediebransjen.

Fredag 13. mars frå klokka 10.00:

Frå klokka 10.00 opnar vi for registrering, mingling, Norges største avisbord, leverandørbesøk og avisprat på Hotel Scandic Parken i Ålesund. Presis klokka 11.00 er det offisiell opning av landsmøtet 2020. NRKs Bibbi Kjølås er programleiar og Lars Rinnan har opnings- og trendforedraget. Deretter presenterer LLA og NRK ei felles storsatsing på journalistikk. Resten av dagen får du praktiske kurs og fagsesjonar – både om journalistikk, marked og innovasjon. Vi håper og trur at vi har matnyttige parallellsesjonar for nesten alle på avishuset ditt. Fredagen avrundes med Kén Andre Ottesen og BaDesKen – og musikalske krefter frå eigne rekker.

Meir om landsmøtets andre dag under bildet av vår programleiar Bibbi Kjølås:

Lørdag 14. mars frå klokka 09.00:

Etter frukost, avisprat og ein tur innom avisbordet og leverandørane, drar Kjell «Kjellen» Bigseth oss i gang med eit skråblikk på lokalavisene. Deretter festar vi blikket på framtida; Kantar sin Ingvar Sandvik tar for seg medietrendane i 2020 på 20 minutt. Dette blir samtidig oppkjøringa til det som skal bli årets idédugnad i lokalavisene. Oslo Met sine Aina Landsverk Hagen og Arne L. Bygdås (som på bildet under forbereder oss på arbeidet) skal hjelpa oss med å leita etter nye inntekter, bedre journalistikk og større lesarengasjement.

LLA og lokalavisenes landsmøte avsluttes med stilig festmiddag, gjeve prisutdelingar og full trøkk når Groove Gerilja går på scenen lørdagskvelden.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Vi håper at mesteparten av dette fristar deg og dine kollegaer? Bare det å møte avisfolk som har omtrent samme aviskvardag som deg sjølv, bør vere verd turen til Ålesund. Vi tør nesten love at du vil reise heim med ny inspirasjon og minst éin god idé som du kan bruke når du er tilbake i kvardagen!

Du melder deg på, og bestiller hotelrom, via påmeldingslinken vår her. Sjølve landsmøtehotellet Scandic Parken er no fullt, men vi har sikra oss nokre ekstra rom på hyggelege og fine Hotel 1904, som ligg to steinkast, altså ca 100 meter unna landsmøtehotellet.

Har du praktiske spørsmål? Send gjerne ein epost til Lene Østberg (lene@lla.no) eller sjekk LLAs øvrige kontaktopplysningar.

Prisane for LLAs landsmøte finn du her:

Landsmøtepriser2020

Eventuelle flybillettar eller andre billettar ordner du sjølv. Det er lurt å også bestille dette i desse dagar.

Alle landsmøteartiklar, program og praktisk informasjon har vi samla her på landsmøtesidene våre.

Hjarteleg velkomen til Ålesund.

Etter stilig festmiddag og gjeve prisutdelingar avrunder Groove Gerilja lokalavisenes landsmøte 2020 med hits frå fleire tiår. Meld deg på her.