Svært viktig: Alle aviser må få kartlagt distribusjonen no!

Posten endrar frå 7. juli frekvens til annankvar dag, og med vekselvis to dagar ei veke og tre dagar ei veke. Altså forskjellige dagar frå veke til veke. Før den tid må alle aviser få ein gjennomgang av distribusjonen.

– I klar tekst betyr dette at alle aviser no må halda seg til to distributørar av aviser, forklarer pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA.

Dei dagane Posten ikkje går ordinær omdeling er det delt ut anbod betalt av staten som sikrar avisdistribusjon i heile landet kvar dag. Posten vant anbodet på distribusjon av papiravisa til dei abonnentane som ikkje blir dekka av avisene sine eigne bodselskap på kvardagar.
AND (Aktiv Norgesdistribusjon AS – ei samanslutning av avisene sine distribusjonsselskap) skal distribuere aviser på lørdagar.

NB! Posten vil berre distribuere til abonnentar i anbodsgeografien dei dagane det ikkje er ordinær postdistribusjon. Det betyr at alle aviser som vil kome fram til abonnentane på ein fast dag må gjere avtale med AND, helst så snart som muleg.

AND treng å gjere ei kartlegging/analyse av distribusjonen til kvar enkelt avis for å kunne sy saman ei best muleg løysing. Alle aviser har fått tilbod om ein slik gjennomgang. AND har ein fast pris på kr.8.500,- men det ikkje er nokon veg utanom ein slik analyse.

– Distribusjon er komplisert og det er heilt nødvendig både for avisa og distribusjonsselskapa for å få så høg kvalitet og så kostnadseffektiv distribusjon som muleg, kommenterer Rune Hetland.

Vi har fått informasjon om at tidspunktet for endringa av frekvens i postomdeling ikkje blir endra på grunn av koronasituasjonen.

Med andre ord; arbeidet med å gjere seg klar må gjerast for å sikre at alle abonnentar også får avisa etter 7. juli 2020.

– Vi i LLA er likevel glad for at vi i bransjen klarte å få på plass ei løysing som sikrar avisdistribusjon kvar dag også vidare, og fått politisk gjennomslag for at Staten nå har løyvd inntil 750 mill. kroner over tre år til dette, seier Hetland.

Last ned ei grundigare forklaring frå AND.

På Aktiv Norges sine heimesider kan du få kontakt med selskapet, men i desse tider må du nok rekne med at det tar litt tid før du høyrer frå dei:

https://www.aktivnorgesdistribusjon.no/

Har du spørsmål kan du og kontakte Rune Hetland i LLA.