For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.
For første gong er avisenes samla annonseinntekter størst på nett, men for dei fleste lokalavisene er det framleis annonseinntektene på papir som er størst.

Arbeider for å forsere utbetalinga av produksjonsstøtta

Landslaget for lokalaviser (LLA) var tysdag føremiddag i møte med administrasjonen i Kulturdepartementet. Der spurte vi om kva staten kan gjera for å hjelpa ein kriseramma avisbransje.

LLA kom med ei rekke innspel til departementet, men så langt er det lite dei kan lova. Departementet presiserer at vi er er svært tidleg i krisa, men at Kulturdepartementet og mediebransjen vil ha tett dialog i tida frametter – slik at ein kan følgje utviklinga nærast frå dag til dag.

Eitt av innspela frå LLA var å få utbetaling av produksjonsstøtte til avisene så snart som mogleg. Dette er noko Kulturdepartementet ser på, og i samarbeid med Medietilsynet arbeider dei no med ei løysing på dette.

Når det gjeld ekstra løyvingar til avisene, mellom anna ei auke i produksjonsstøtta, er dette noko ein ikkje kan seia noko om på eit så tidleg tidspunkt.

– Kulturdepartementet lytta godt til oss og dei forstår lokalavisenes utfordringar. I og med at vi er i ein tidleg fase av korona-krisa, er det naturleg at vi ikkje får direkte lovnader her og no. Men departementet arbeider med tiltak og LLA skal ha ein tett dialog med regjeringsapparatet, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.

Bruvik understrekar at det er viktig med tilbakemeldingar og dokumentasjon frå avisene. Derfor sender LLA snart ut ei spørreundersøking til medlemsavisene.

– Det er viktig og nyttig at lokalavisene svarer på undersøkinga så snart som mulig, slik at vi får med oss enda meir dokumentasjon når vi har nye møte med departementet, seier Bruvik.