Tidskrift

Lyst til å bli betre på kritikk og debatt?

LLA samarbeider i haust også med Norsk tidsskriftforening om kurs.

Slik kan avisa di bli betre på mellom anna litteratur- og teaterkritikk i lokalsamfunnet.

Tidsskriftforeningen arrangerer også to ulike kurs med Håkon Haugsbø, som var LLAs programleiar på landsmøtet i Drammen. Du kan bli tryggare på deg sjølv dersom du skal leie debattar som lokalavisa arrangerer på nett eller på ein scene, og du kan lære å bli ein betre programleiar.

Norsk tidsskriftforening ønskjer også velkomen til journalistiske kurs med Asgeir Olden, som mange kjenner frå IJ – og LLAs landsmøte og fagkurs.

Gå rett til Norsk tidsskriftsforenings kurssider for meir informasjon og påmelding. LLAs aviser betaler «medlemspris» for kursa.