Samarbeidsdesken vart initiert av Vest-Telemark blad og dei andre medlemsavisene i LLA for å jobbe fram research og datadriven journalistikk som lokalavisene kan bearbeide til godt, lokalt innhald. Desken forsøker å variere mellom tunge og lettare tema.
Sist veke delte desken ein researchpakke om lokale lottotal som kan gje gode saker i sommar. I researchen kan journalistane finne Lotto-statistikk for kommunane i åra 2017-2024, dei kan sjå kva kommunens spillarar har donert grasrotmiddel til, og dei får tips om moglege saker.
Bygdebladet Randaberg og Rennesøy er blant avisene som har laga saker med oversikt over lottopremiar og over grasrotmidla. Sakene var raske å lage, og spesielt saka med oversikt over premiesummane er godt lest, fortel redaktør Trine Barka Højmark.
Denne veka vil det også kome ein researchpakke om nordmenn som var om bord på Titanic.
I september får lokalavisene tilgang til research på korleis kommunane jobbar med å forebyggje sjølvmord. Då vil det bli ei rekkje seminar med både ekspertar og lokalaviser som vil dele sine erfaringar. Målet er at alle som deltar på seminara skal få ny kunnskap og bli tryggare på å skrive om sjølvmord på ein god måte. Ta kontakt med laila@lla.no om du vil ha tilsendt informasjon om seminara.
Siden 15. mai har Mattilsynsboten sendt ut e-post til lokalavisene når Mattilsynet har kontrollert serveringsstader i dekningsområdet.