Hittil har prosjektet resultert i over 50 saker i minst 20 lokalaviser, samt fleire NRK-saker.
Kartla alle sjølvmorda i dekningsområdet
Sist veke publiserte Vest-Telemark blad fem saker. I papiravisa brukte de 13 sider på sakene. Journalistane Elin Fjalestad og Kari Smeland har mellom anna intervjua ein prostdiakon som er med i fem av dei psykososiale kriseteama i Vest-Telemark og ein spesialrådgjevar i RVTS (Dei regionale ressurssentra).
Dei har sett på kva psykiske helsetilbod kommunane i Vest-Telemark har.
Dei har intervjua familien til ein mann som tok sjølvmord i 2013 og dei etterlatne etter ein 15-åring som tok livet sitt for over 20 år sidan (+).
Avisa har også ein kommentar der dei forklarar kvifor dei skriv om sjølvmord.
I sakene omtaler Vest-Telemark blad berre det totale talet på sjølvmord i dei seks dekningskommunane, men i researchfasen kartla dei så godt som alle menneskene bak tala. Dei samla detaljar om sjølvmorda i eit rekneark, mellom anna for å sjå om det var noko som skilde seg ut.
– Vi såg at det var ein veldig overvekt av menn, slik det også er i resten av landet, seier journalist Kari Smeland.
Ho noterte seg også alder på dei døde og såg på formuleringar i dødsannonsene for å finne ut kor opne dei etterlatne var.
– Det var lettare å ta kontakt med etterlatne som hadde skrive i klartekst at det dreidde seg om sjølvmord. Eg vart litt overraska over openheita, dei fleste hadde skrive at dei «valde å forlate oss» eller «avslutta livet».
Glade for at avisa har med mange perspektiv
Før dei begynte å kontakte etterlatne, kontakta dei bekjente av dei etterlatne for å finne ut kven som kunne vere aktuelle å intervjue. Dei fekk mellom nyttig informasjon frå diakonen og folk frå same bygd som dei etterlatne.
Dei to journalistane hadde litt ulike framgangsmåtar då dei kontakta dei etterlatne. Kari Smeland valde å sende ei tekstmelding der ho fortalde om prosjektet og spurde om ho kunne ringje.
Ho trur det kan ha gjort det lettare for dei etterlatne å stå fram i avisa fordi saka skulle vere del av eit større prosjekt.
– Dei var glade for at vi hadde med mange perspektiv. Eg trur og at mange har sett sakene på NRK, og tenkt at no som vi snakker om sjølvmord nasjonalt kan vi gjere det her også, seier ho.
Samarbeidsdesken
Samarbeidsdesken ble initiert av Vest-Telemark blad og 70 andre lokalaviser, og drives som et samarbeid mellom LLA, SUJO og NRK. Desken tar imot innspill til tema og saker fra lokalavisene, og driver research, kildearbeid og datadrevet journalistikk som lokalavisene kan følge opp med egen lokalt vinklet journalistikk.