Sunnhordland-si-førsteside

Ukas avis: Sunnhordland

Det er ein ambisiøs gjeng som står bak Sunnhordland, som nyleg vart kåra til Årets lokalavis. Glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande, skreiv juryen om avisa.

Det er ein ambisiøs gjeng som står bak Sunnhordland, som nyleg vart kåra til Årets lokalavis.

– Til tider kan eg nesten føla at me er for ambisiøse. Me vil laga god papiravis, vera først og best på nett, laga nett-tv og papirmagasin. Og når me går i gang med noko nytt, vil me gjera det skikkeleg, seier redaktør Magne Kydland.

Sunnhordland er mellom dei større lokalavisene, med åtte journalistar, fem grafikarar, lokal annonseavdeling og eige trykkeri. Magne Kydland trur likevel dei har det like hektisk som i dei mindre lokalavisene.

– Me spring mykje. Difor er det så godt å få ein pris som gjev alle litt igjen for den gode jobbinga som dei legg ned kvar dag, seier han.

Han synest det er ekstra kjekt å verta kåra til Årets lokalavis etter eit år med store omleggingar. Sunnhordland gjekk i fjor ned frå fem til tre utgåver i veka. Samstundes la dei om layouten, begynte å laga fyldigare avis, starta med magasin og auka satsinga på nett. Målet var ikkje å få rolegare dagar, men å få meir tid til å laga innhald.

– I redaksjonen har me fått frigjort eit halvt årsverk til journalistikk, fordi me no bruker mindre tid på desking av papiravisa, seier han.

ÅRETS LOKALAVIS: Kari Nøstbakken, Reidar Hystad og Torhild Hovstad i Sunnhordland tok imot prisen då dei vart kåra til årets lokalavis på LLAs landsmøte i Haugesund i slutten av mars.

Suksess med nett-tv
Nett-tv var mellom dei tinga Sunnhordland valde å satsa på etter omlegginga. Dei hadde hatt livesendingar frå Stord sine handballkampar gjennom ein sesong, noko som var mykje arbeid men også svært lærerikt. I fjor kom ideen om nett-tv-serien «Garasjen», der ein kunne sjå Kjetil Østrem og Marius Knutsen by på seg sjølv i møtet med folk med spesielle garasjar. Etter påske startar den neste nett-tv-satsinga «Voff». «Garasjen» vann LLA-kåringa av årets digitale satsing, og er også nominert i Mediebedriftene (MBL) si kåring av årets web-tv-serie, i same kategori som mellom anna «Skam».

– Det kosta svært mykje ressursar å laga ein slik serie. Me hadde ein mann som jobba med «Garasjen» meir eller mindre kontinuerleg i to månader. Derfor er det veldig kjekt å bli premiert. Og det er stor stas å bli putta i same bås som «Skam», seier Magne Kydland.

Eit anna resultat av «Garasjen» og handballsendingane var at Sunnhordland har vorte registrert som kringkastar og har fått støtte frå Medietilsynet til «Voff»-serien.

– Sjølv om «Garasjen» var ein suksess var det vanskeleg å få nok inntekter. «Voff» blir ein slags eksamen. Viss me går i minus kan me ikkje halda på med slike satsingar i all framtid, seier redaktøren.

NY SERIE: Sunnhordland går snart i gang med sin nye nett-tv-serie Voff.

Kan målretta annonsar
Også dei siste månadene har det vore omleggingar i Sunnhordland, etter at dei saman med Hallingdølen og Hordaland inngjekk partnarskap med Agderposten Medier på IT og utvikling.

Samarbeidet inkluderer mellom anna IT-drift, serverpark, programvare og innkjøp.

– Som ei lokalavis utanfor konsern, går me glipp av ein del stordriftsfordelar. Difor må me knyta oss nærare ein del ekspertise som me ikkje har på huset, seier Magne Kydland.

Gjennom samarbeidet med Agderposten føler han at dei kan behalda fordelane med å vera lokalt eigde, samstundes som dei kan plukka det dei ønskjer å bruka av Agderposten sitt system.

– Me får enorme moglegheiter, men me treng ikkje bruka alt, seier han.

Gjennom samarbeidet får dei mellom anna tilgang til Cxence sine analyseverktøy. Dermed kan annonsekundane no få mykje informasjon om effekten av dei digitale annonsane. Dette har stor verdi for annonsekundane, som får eit godt verktøy for å forstå sine eigne kundar, meiner kommersiell leiar Kari Nøstbakken.

– Dei kan få vita kven som har klikka på annonsane, og kven som har sett dei men ikkje klikka. Viss målgruppa er menn på 60+, og vi ser at du treffer kvinner i 40-åra med materialet, er det lettare for oss å foreslå endringar, seier ho.

Ho meiner at lokalavisa er nøydd til å gje kundane ein slik tryggheit om at dei treffer målgruppa for å kunna konkurrera mot kanalar som Facebook.

– Dette er også veldig motiverande for oss som annonseseljarar, legg ho til.

Ho føler at dette er ein fin måte å knyta tettare kontakt med kundane.

– Me opplever at det er viktig å pleia dei nære relasjonane til kundane. Me tilbyr eit komplett produkt, med grafisk avdeling, nett, mobil og papir, og me kan også hjelpa dei med ein medieplan for bruk av andre kanalar som Facebook og Instagram, seier ho.

Også på papir jobbar marknadsavdelinga med å tilby attraktive annonseløysingar. Dei ønskjer luftige og fargerike annonsesider, og har mellom anna fjerna fargetillegget slik at også småannonsørane no bruker fargar. For annonsørar som har noko spesielt å visa fram kan content marketing vera attraktivt. Sunnhordland ønskjer ikkje for mange av denne typen annonsar, men førebels er ikkje pågangen så stor at det er noko problem.

– Det viktigaste er å merke desse annonsane tydeleg, og me bruker rammer og fontar som skil dei frå det redaksjonelle stoffet. Me jobbar tett med redaksjonen, og redaktøren ser over annonsane så det ikkje kjem reaksjonar, seier Kari Nøstbakken.

CONTENT MARKETING: I ein annonse for eit hus som skal selgast skreiv Sunnhordland om 3D-visninga og fordelane med huset.

Populært magasin
Redaktør Magne Kydland fortel at avdelingane har vorte flinkare til å samarbeida etter omleggingane i fjor. Med nye produkt som nett-tv og magasin har det vore nødvendig med innspel og ideutveksling mellom marknad, redaksjon og grafisk, og grafikarar er no med på morgonmøta i redaksjonen for å koma med innspel til presentasjonen.

Sunnhordland lét seg inspirera av Hallingdølen då dei gjekk i gang med det nye magasinet som kjem ut fire gongar i året. Det er eit fyldig magasin på opp mot hundre sider, med tunge reportasjar som går i djupna. Før eitt magasin er trykt er redaksjonen i gang med det neste. Den siste reportasjen, om konsekvensane etter ei russebilulukke, har dei jobba med i fleire månader. Allereie før russetida i fjor spurde dei familien om dei kunne skriva om Fredrik Hammersland som vart skada i ulukka. Dei følgde Fredrik i tre månader.

– Eg sat med klump i halsen då eg skulle deska saka, og eg har høyrt at andre også har vorte rørt av denne saka. Eg veit ikkje om me nokon gong har fått så mykje positiv respons som me fekk for denne saka, seier Magne Kydland.

Sunnhordland kjem ut med papiravis måndag, onsdag og fredag, og har eit godkjent opplag på 6129. Avisa dekkjer primært Stord og Fitjar. Nettside: Sunnhordland.no.

Juryen i Årets lokalavis sin omtale av Sunnhordland:

Sunnhordland er ei avis som står fram som glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande. Avisa har lokale leiarar, er attkjenneleg og godt redigert med framifrå lesarkontakt. Avisa byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar. Avisa hentar også stoff frå sosiale medium. Avisa har etablert god netttilvising med konkrete løfte til lesarane. Avisa har gode bilete med fin kontakt. Avisa er stramma opp på ein vellukka måte gjennom ein redesign med tydeleg seksjonering og reinare presentasjon. Nettutgåva er omfattande, godt oppdatert, men framfor alt god og spelar perfekt med papirutgåva.

Sunnhordland fekk skryt av juryen for å vera ei avis som er tydeleg på at ho ønskjer kontakt med lesarar og annonsørar. Sjå til dømes korleis dei fekk folk til å senda inn morsdags- og valentineshelsingar.

Her kan du sjå magasinreportasjen #utavskapet.

Sunnhordland fekk heiderleg omtale i LLAs journalistpris for magasinsaka om Rune Alsaker som vart erklært død, men faktisk var levande. Journalist Geir Rommetveit fekk skryt for å kombinere den nære fortellinga med faktabasert dokumentasjon. Den saka kan du lasta ned her.

Sunnhordland vann fire prisar i European Newspaper Award 2016, mellom anna for to magasinsaker. Her kan du sjå sidene som vart premierte.