I Eid kommune veks både folketalet og handelen. Snart veks kommunen også i areal. Det pregar lokalavisa Fjordabladet.
I januar 2020 vert Eid og Selje til nye Stad kommune. Fjordabladet på Eid har allereie begynt å utvide dekningsområdet.
– Vi må ta til oss dei nye innbyggjarane og dekkje heile den nye kommunen. Innbyggjarane i Selje ser allereie at vi er mykje meir offensive i deira område, seier redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes.
Ho trur at dei noverande lesarane synest det er greitt at dekningsområdet vert utvida med kommunegrensene.
– Dei veit at vi vert ein felles kommune, så dei er nysgjerrige på kva som skjer i området. Det er greitt å utvide perspektivet litt, seier ho.
Handelsauke
Området har allereie mykje felles handel, ikkje minst etter at kjøpesenteret på Eid vart utvida og gjekk inn i Amfi-kjeda.
– Det skjer mykje i kommunen, innbyggjartalet aukar og næringslivet blomstrar. Det ber også Fjordabladet preg av, seier Ingebjørg.
Ho fortel om god lesnad av saker om gode handelstal, om kvifor folk flyttar til Nordfjordeid og om nye butikkar og restaurantar.
Nye butikkar kan bety nye annonsørar. Marknadskonsulent Hilde Renate Kroken brukar å gje gode opningstilbod til nye butikkar for å vise at dei er ønskja som annonsørar. Ho liker best å besøke kundane ute i butikkane.
– Dei har ikkje så mykje kontortid, så då er det lettare at eg besøker dei i butikken. Då kan vi diskutere kva produkt dei ønskjer å vise fram, og det er lett for meg å ta eit bilete av varenummeret som eg kan bruke til å finne fram bilete når eg kjem tilbake på kontoret.
Det er Amedia Harstad som produserer annonsane for Fjordabladet, medan dei også har annonsesal gjennom Nordfjordsamkøyringa, eit samarbeid med Fjordenes Tidende, Fjordingen og Firda Tidend.
Sommarshopping
Hilde Renate Kroken er einaste annonsekonsulent i Fjordabladet.
– Vi ser at spesielt fulldistribusjonane er veldig populære. Desse prøver vi å planlegge utifrå frå kva tid butikkane har aktivitetar eller jubileum, fortel ho.
Med god dialog med handelsstanden får ho tidleg oversikt over gode høve for fulldistribusjonar.
Storavis 22. juni vart til dømes brukt til å markere inngangen til Sommarshopping på Nordfjordeid. For å auke sommarhandelen i sentrumsbutikkane arrangerer handelsnæringa aktivitetar kvar laurdag gjennom sommaren, med gågate og gode tilbod.
Fjordabladet er med i planlegginga av arrangementa og annonsering av aktivitetane.
– I år var det ulike tema kvar laurdag, mellom anna bondens dag, gatematfestival, strikkelaurdag og hagedag. Det er lettare å få med annonsørane når vi kan knyte annonsane til bestemte tema.
Frå tre til to aviser
Ingebjørg Nilsen Stokkenes overtok som redaktør etter Tormod Flatebø for eit halvt år sidan. Han hadde vore redaktør i 14 år, men ønskte å gå tilbake til å jobbe som journalist. Då Ingebjørg overtok hadde avisa allereie vore gjennom ein del endringar. Dei hadde redusert bemanninga, no er dei fem i redaksjonen og ei på marknad. Dei har ikkje lenger typografar, no jobbar journalistane i malar. Dei har også redusert frå tre til to utgåver i veka. For annonsørane betyr endring frå torsdags- og laurdagsavis til fredagsavis at dei har fått ein dag mindre til å annonsere helgetilboda, men Hilde Renate fortel at annonsørane har tilpassa seg overraskande bra.
– Annonsørane har ikkje klaga, men vi ser at daglegvarebutikkane som brukte å annonsere i torsdagsavisa no vel tysdagsavisa, seier ho.
Kjensla er at journalistane har fått litt betre tid til å arbeide med sakene. Samstundes er det blitt viktigare at dei har oppdaterte saker på nett. Dessutan har sidetalet i papiravisa auka.
– Folk kommenterer at dei synest det er meir å lese i avisa no, at dei bruker meir tid på å lese avisa enn før, seier Ingebjørg.
Innhald for ein kvar smak
Som redaktør legg ho vekt på at avisa skal ha innhald for ein kvar smak. Dei følgjer kommunepolitikken tett og går på alle kommunestyremøte, men skal også ha godt og breitt utval av andre typar innhald.
– Kvar og ein av oss i redaksjonen er ganske ulike og har ulike interessefelt. Det er positivt og hjelper oss å dyrke fram at avisa skal vere for alle. Det gjeld både typar innhald og geografi. Vi skal ikkje berre skrive om det som skjer i sentrum, men også om bygdene rundt, seier ho.
Ho prøver også å vere flink til å planlegge, og er allereie i gang med julestoffet.
– Vi har morgonmøte kvar morgon, og då prøver vi å sjå litt framover i tid.
- Fjordabladet dekkjer primært Eid, Hornindal og Bremanger kommune i Nordfjord, med Nordfjordeid som største tettstad.
- Fjordabladet er dotterselskap av Polaris-avisa Sunnmørsposten.
- Avisa blei skipa som Fjordenes Blad i august 1874.
- Avisa har i dag seks tilsette og kjem ut på papir kvar tysdag og fredag.
- Nettside: www.fjordabladet.no
- Godkjent opplag: 2436.