BYgdebladet-logo

Ukas avis: Bygdebladet

Bygdebladet gjer det dei kan for at avisa skal vera lønnsam. For dei betyr det å satsa på papiravisa og styrka annonseavdelinga.

Bygdebladet gjer det dei kan for at avisa skal vera lønnsam. For dei betyr det å satsa på papiravisa og styrka annonseavdelinga. 

Kjell Opsal (framme t.v.) starta Bygdebladet i 1972. No er det sonen Reidar (framme t.h.) som er redaktør og dagleg leiar.

Familien Opsal passer godt inn i myten om sunnmøringar som driftige gründerar. Først starta ekteparet Kjell Opsal og Torill Mjelva Opsal lokalavisa i 1972. I dag driv familien også forlag, plateselskap, musikkforretning, kafé, to overnattingsstader og eit trekkspelband.

Både gründerånda, trekkspelinteressa og redaktørjobben har gått i arv frå far Kjell til son Reidar Opsal.

– Når du er ung ser du på kompisane dine foreldre og vil bli både brannmann og politi, men det vart tidleg klart for meg at eg skulle jobba i media. Eg ville ut og prøva meg i andre mediebedrifter, men så skulle eg plutseleg få småfolk og då blei eg verande her, seier Reidar Opsal. Han fekk aldri prøvt seg i andre mediebedrifter, men han har likevel fått gjort litt av kvart. Spesielt interessant synest han det er å driva med eigedom. Difor utsette han stadig å ta over redaktørjobben.

– Eg har heile tida vore redaksjonssekretær, men eg ville ha fridom til å jobba med andre ting. Men då far min nærma seg 75 år, innsåg eg at tida var inne, seier han.

Det er ikkje til å unngå å møta seg sjølv i døra. Til dømes er det politisk fleirtal for å flytta E39 ut av bygda. Familien Opsal driv kafé og overnattingsstad rett ved vegen, og meiner difor minst mogleg om E39 på leiarplass i avisa.

– Der er vi inhabil, men elles føler eg ikkje at integriteten er eit stort problem. Men det er klart at når du eig ei sentrumstomt i ei bygd med 2500 innbyggjarar, er det vanskeleg å bli oppfatta som ein har ryggen fri.

Redaktøren er glad for at dei har fleire selskap som eit sikkerheitsnett for avisa.

– Bygdebladet hadde nok eksistert uansett, men alt heng litt i hop. At eg kan ha inntekter frå eigedom gjer til dømes at me kan ha ein større stab i avisa, seier han.

Berre på papir
No har Reidar Opsal vore redaktør i to år. Avisa har endra seg noko på desse åra, men han fortel at det skuldast nye tider, ikkje redaktørskiftet.

– Vi er ikkje like opptekne av hendingsnyheiter som før. Før rykte me ut på alt, men skjer det noko på ein fredag no, skal det mykje til for at me rykkjer ut når vi ikkje får det på trykk før tysdag.

Bygdebladet har nemleg ikkje nettavis. Denne avisa kan ein lesa på papir, eller som e-avis, to gonger i veka. Årsaka finn me i den sunnmørske fornuften:

– Vi har ikkje sett muligheita for liknande omsetnad viss vi skal vere på nett.

For å halda seg aktuell som rein papiravis, satsar Bygdebladet heller sterkare på eksklusive saker.

– Målet vårt er at folk må ha vår avis for å lesa det som står der. Det du les i Bygdebladet skal du helst ikkje finna andre stader, seier redaktøren.

Provoserande leiarar
Løysinga har mellom anna vore meir kommentarstoff. Det er minst to-tre sider med lesarinnlegg i kvar avis, og redaktøren meiner mykje sjølv. Han liker å skriva provoserande leiarar som skaper ein straum av lesarbrev.

– Midt i desember skreiv eg at ordføraren i Ørskog måtte trekkja seg. Det skapte eit veldig sinne. Eg meiner at det er vårt samfunnsansvar å seia frå når noko ikkje fungerer. Ho hadde vore ordførar i vel eitt år, men mykje sjukmeldt, og det skapte ein uhaldbar situasjon for kommunen, seier Reidar Opsal.

Førre veke fekk Ørskog ny ordførar.

Redaktøren fekk sterke reaksjonar på leiaren der han skreiv at ordføraren måtte gå av. Seinare valde ho å gå av.

Om nokre år forsvinn Ørskog som eigen kommune. Ørskog skal slå seg saman med Ålesund. Det same skal Skodje, som også er innan dekningsområdet til Bygdebladet. To av dei andre kommunane i dekningsområdet held fram på eiga hand, medan den femte slår seg saman med den næraste landkommunen. Redaktøren hadde helst sett at dei fem kommunane slo seg saman med kvarandre.

– Vi gjekk kraftig inn for det lenge. Desse kommunane er naturleg avgrensa mellom fjordar og byar, og har hatt mykje med kvarandre å gjera. Vi kallar det Bygdebladet-distriktet, og syntest det var veldig artig når andre snakka om at det burde verta namnet på den nye kommunen, seier han.

Då dei største kommunane trekte seg frå samtalene om ei slik samanslåing, støtta Bygdebladet samanslåing med Ålesund. Reidar Opsal er ikkje redd for at samanslåingane skal gå ut over opplagstala.

– Det har vore enorme mengder med stoff og lesarbrev om kommunesamanslåinga, og det blir ikkje mindre debatt framover. Dette gjer at folk må ha avisa. Vi er litt avventande til korleis vi skal dekkja det framtidige kommunekartet, men eg trur vi skal fortsetja i same distrikt som før.

Bygdebladet har minst to-tre sider med lesarbrev i kvar avis.

Jobbar hardt for annonsane
Bygdebladet er ei fyldig avis, ofte opp i 60 sider. Dei har framleis godt med annonser i avisa, og jobbar hardt for å halde oppe annonsemengda. Medan mange aviser vel å redusera i annonseavdelinga, har bygdebladet snarare styrka avdelinga. Dei har no tre annonseselgjarar.

– Dei jobbar knallhardt for å få inn annonsekronene. Gjer du ikkje det, får du i alle fall ikkje selt annonser. Kundane er ikkje trufaste, så kvar enkelt krone er ein kamp, seier Reidar Opsal.

Annonseseljarane har opplevd at annonsørar som har gått over til Facebook-annonser og andre digitale kanalar, kjem tilbake til papiravisa etter ei stund.

– Dei ser nok at dei digitale annonsane druknar. Sjølv brukar eg å visa til eigedomsmeklarar og dei som sel elektronikk og sportsutstyr. Dei annonserer enormt mykje på papir, og ville aldri i verda ha gjort det om det ikkje var lønnsamt, seier redaktøren.

Bygdebladet har også klart å halda opplaget stabilt. Men dei er spent på om dei greier å nå den neste generasjonen.

– Før var avisabonnement veldig ofte ein del av pakka med bil, hus og ungar. No er det einaste som tel kor fort dei får breiband. Vi er klare til å trykka på knappen når som helst for å koma på nett, men vi gjer det ikkje før vi må.

Det har vore, og vil framleis vera, mykje stoff i kommunesamanslåinga.

Bygdebladet skriv også om hendingar i Ålesund om dei er relevante for lesarane. Då finn dei lokale vinklingar – som då ei lokal kvinne vart henta opp på scena under Bryan Adams-konserten.

www.bygdebladet.com

Lokalavis for kommunane Ørskog, Vestnes, Stordal, Skodje og Haram i Møre og Romsdal. Kjem ut tysdag og fredag.

Reidar Opsal er redaktør og dagleg leiar. Broren Knut Oscar Opsal er marknadssjef, medan faren Kjell Opsal er journalist og kommentator. 9 andre tilsette.

Må ikkje forvekslast med navnebroren med grøn logo, Bygdebladet Randaberg og Rennesøy i Rogaland.