Askøyværingen logo

Ukas avis: Askøyværingen

Askøyværingen dekkjer ein vekstkommune og har vunne fleire prisar for både utsjånad og innhald. Likevel gjekk opplaget kraftig ned i 2015. I 2016 snudde pila opp att.

Askøyværingen dekkjer ein vekstkommune og har vunne fleire prisar for både utsjånad og innhald. Likevel gjekk opplaget kraftig ned i 2015. I 2016 snudde pila opp att.

STATISTIKK: På tv-skjermen kan journalistane følgja med på statistikken for av-avis.no.

Ein skjerm på veggen i Askøyværingen sin redaksjon viser ulike statistikkar. Journalistane likar best å følgja med på den som viser sal. Meir nøyaktig viser han kva nettsaker som får flest lesarar til å registrera seg som digitale brukarar. Nokre er allereie abonnentar, men andre teiknar nye abonnement.

Avisa sine hovudinntekter er i ferd med å flytta seg frå annonser til abonnement, og journalistane har blitt meir bevisste på korleis dei kan bidra til å selja abonnement. Dette har ført til at dei byggjer opp artiklane på ein annan måte enn før.

– Vi følgjer ikkje lenger prinsippet om fallande viktigheit. No passar vi på å ikkje avsløra for mykje i tittel og ingress. Vi ønskjer at lesarane skal logga seg inn for å lesa saka, seier journalist Joar Hystad.

Frå nedgang til vekst
Askøyværingen gjekk i 2014 ned frå to til ei papirutgåve i veka. Dette vart ikkje godt motteke blant abonnentane, og i 2015 gjekk opplaget ned med 675. Samstundes satsa Askøyværingen hardt på nett, og lesarane kunne lesa mykje innhald gratis der. Etter at Askøyværingen hadde bygd opp ein lesarskare på nett, innførte dei betaling på nett i fjor. Etter den tid har altså abonnementspila peikt oppover. I løpet av 2016 fekk Askøyværingen over 600 heildigitale abonnentar.

– Vi såg at vi måtte lukka nesten alle saker for å få denne effekten, seier redaktør Tom-Stian Karlsen.

Digitale abonnentar betaler ei krone for første månad. Deretter betaler dei 89 kroner i månaden.

Saka lesarane elska
Det er ikkje nødvendigvis dei sakene som gjev flest klikk, som sel best. Saker som engasjerer, provoserer eller pirrar nysgjerrigheita sel godt. Både sport, kultur, krim og politistoff sel godt, det same gjer saker om eigedomsskatt, vegar og avgifter.

VINNARSAK: Gladsaka om at kinarestauranten Rose har funne nye lokale, var den som gav flest nye abonnentar i fjor.

Saka som har gitt desidert flest sal, hadde følgjande tittel og ingress: – Eg er utruleg glad. Etter eit par tøffe månadar kan Yun Yan Xie endeleg smila igjen.

Først bak betalingsmuren fekk folk vita kvar den populære kinarestauranten Rose skal koma. To månader tidlegare vart mange skuffa over nyheita om at Rose måtte ut av Kleppestø senter for å vika plass for Burger King, i saka – Eg er veldig lei meg.

Her kan du sjå oversikt over dei mest lesne sakene på Askøyværingen.no dei tre første månadane i fjor: De mest populære sakene i 2016, del 1.

Alle sakene vert delt på Facebook, også der utan å røpa for mykje av innhaldet. På Instagram deler dei reportasjefoto, bakenfor-bilete, videoar og forsider. Dei re-postar bilete som andre har tagga med #Askøyværingen, og bruker Storify til å dela bileta på eiga nettside.

Fulldistribusjon kvar månad
Ein gong i månaden har Askøyværingen fulldistribusjon. Avisa som til vanleg er 36 sider, vert då gjerne 20 sider tjukkare. Tidlegare laga dei magasin kvar månad, fordi dei hadde ein lokal magasinkonkurrent. Etter at konkurrenten la inn årene, valde Askøyværingen å droppa dei fleste magasina. I 2016 hadde dei eit sommarmagasin og eit næringsmagasin. I 2017 blir det også sykkelmagasin i samband med sykkel-VM.

– No fokuserer me først og fremst på å laga vanleg avis og oppdatera på nett, seier Tom-Stian Karlsen.

Det er nok å gjera for redaksjonen på fem personar. Deadline for papiravisa er flytta fram frå klokka 16 til 13.30, og det meste av innhaldet til torsdagsavisa vert derfor brekt om tirsdagen. Askøyværingen brukar Newspilot og har ferdige malar som dei kan tilpassa. Dei føler likevel at det er rom for å vera kreative. Framsida får spesielt mykje merksemd, nokre gonger med eit eige framsidemøte der redaksjonen diskuterer både layout, kva saker som skal prioriterast og kva bilete som skal brukast. I fjor vant Askøyværingen MBL-prisen «Årets forside» for forsida der dei brukte heile sida til å skriva ei henvisning med enhåndsalfabet. Les om saka i idébanken.

Askøyværingen bruker det digitale verktøyet Trello til å planleggja både nettpublisering og sideutteikning av papiravisa, men etter kvart som sidene er brekt vert dei også hengt opp på den fysiske veggen. Korrekturlesinga går nærast av seg sjølv etter kvart som nokon har litt ledig tid.

PÅ PAPIR: Sidene kjem opp på veggen etter kvart som dei er klare. Sidene vert vanlegvis også teikna ut på veggen, men denne dagen var det ikkje plass.

Går på alle kommunestyremøte
Askøyværingen prøver å få med så mykje stoff som mogleg i papiravisa.

– Dei som les papiravisa skal få med seg mest mogleg av det som har skjedd den siste veka. Hendingar publiserer vi på nett med ein gong. Vi skal vera først ute når det skjer noko på Askøy, men vi sparer alltid ein del større saker som først vert publisert på papir, fortel Tom-Stian Karlsen.

Med berre ei avis i veka, vel dei ofte å laga ulike versjonar til nett og papir. Dersom dei dekkjer ein fotballkamp i helga, legg dei kampreferatet på nett. Samstundes prøver dei å finne ei god historie til torsdagsavisa, til dømes om ein spelar som gjer comeback.

Askøyværingen legg ut 7-8 saker om dagen på av-avis.no. Dei eksperimenterer med ulike verktøy for digital historieforteljing, og har livestream eller livefeed frå viktige kommunestyremøte. Avisa er til stades på alle kommunestyremøte, og prøver også å få med seg formannskapsmøte og utvalsmøte. Journalistane publiserer saker på nett medan dei er på møta.

Askøyværingen har eige radiostudio, der dei med ujamne mellomrom speler inn podkastar. Etter å ha prøvd litt ulike sjangrar, vil dei framover satsa på kulturpodkastar med besøk av lokale musikarar. Sjølv om dei har godt studioutstyr, påpeiker journalist Christine Fagerbakke at ein kan koma langt med ein god telefon og kreativitet.

– Eg trur mange brukar for mykje tid på å velja utstyr, og for lite tid på å planleggja innhaldet og førebu sendingane, seier ho.

Iblant tek redaksjonen seg tid til å sende ut både journalist og fotograf på større saker. Og iblant tek dei seg tid til større gravesaker. Journalist Anne Jo Lexander jobba i fleire månader med ei gravesak om ei lokal stifting – vel og merke ved sidan av den daglige aviproduksjonen.

Christine Fagerbakke fekk i fjor stipend frå mediefondet for å laga ein serie mini-dokumentarar om dei som jobbar med beredskap på Askøy, både naudetatar og dei frivillige organisasjonane. På grunn av stipendet kunne Askøyværingen ha vikar i ein periode.

ALLTID KLARE: Journalistane i Askøyværingen er alltid på, og Anne Jo Lexander og Christine Fagerbakke vert straks nysgjerrige når dei høyrer sirener.

Ekstern annonseproduksjon
LLA besøkte Askøyværingen ein ettermiddag midt i den travle adventstida. Klokka nærma seg fire, men ingen viste teikn til å tenka på noko anna enn jobb.

– Det går nok framleis eit par timar før nokon dreg heim. Alle trivest på jobb og ønskjer å laga ei best mogleg avis, kommenterte Christine Fagerbakke.

På kontoret i underetasjen på Kleppestø Senter er det fire journalistar og ein redaktør som har sin kvardag. Vel ein dag i veka er også ein annonseseljar på plass.

Lokala er romslige etter omlegging av annonseavdelinga. Askøyværingen er eigd av Schibsted-selskapet AS Lokalavisene, som òg eig Strilen, Bygdanytt og Vestnytt. Annonseseljarane er tilsette i AS Lokalavisene, og har kontorplass både i BT-huset og ute i lokalavisene. Etter ei pågåande nedbemanning skal seljarane selja annonser for alle avisene. Annonseproduksjonen for dei fire avisene vert i desse dagar flytta til produksjonsselskapet Snoap i Kristiansand.

Terje Olsen er ansvarleg redaktør for alle dei fire lokalavisene. I tillegg har kvar avis sin eigen redaktør.

Terje Olsen ser mange fordelar med ei slik organisering.

– Vi har tett samarbeid om strategiar og utvikling av avisene. Vi har ei leiargruppe med dei fire redaktørane, marknadssjefen og meg, og til saman har vi mykje kompetanse og erfaring, fortel han.

Terje Olsen er lite involvert i den daglege avisproduksjonen, men vert involvert i kontroversielle saker, til dømes saker knytt til operasjon «Dark Room». Dei fire avisene kan også samarbeida om større redaksjonelle prosjekt som #kandulove, valsatsinga som Askøyværingen fekk LLAs digitalpris for i fjor.

Askøyværingen er lokalavisa for dei 28.000 innbyggjarane på Askøy nordvest for Bergen. Avisa hadde i 2015 eit opplag på 3638. Redaktør: Tom-Stian Karlsen. Journalistar: Anne-Jo Lexander, Jan Erik Storebø, Christine Fagerbakke og Joar Hystad. Avisa er eigd av Schibsted-selskapet AS Lokalavisene, der dei og tre andre lokalaviser har felles redaktør og annonseseljarar.

Les avisa

Her kan du lasta ned den siste avisa frå 2016, med reportasje frå hjortejakt med viltkontakten. Anne Jo Lexander hadde stått på ettersøksgruppa si varslingsliste i to månader før det endeleg klaffa og ho fekk bli med ut. Tre hjortar vart påkøyrde denne morgonen.