VP-serien-10

Suksess med VP-serien i bowling

I vesle Modalen kommune med 380 innbyggjarar, klarer Vaksdalposten å samle 20 lag til bowlingturnering kvart år. VP-serien er blitt ein institusjon.

I vesle Modalen kommune med 380 innbyggjarar, klarer Vaksdalposten å samle 20 lag til bowlingturnering kvart år. VP-serien er blitt ein institusjon.

– Det er heilt klart positivt for avisa at vi viser at vi er ein del av lokalsamfunnet og at vi bidrar med noko positivt, seier redaktør Esben Hesjedal.

«Alle» i Vaksdalposten sitt dekningsområde veit kva VP-serien er: Ei bowlingturnering som startar om hausten, og har ein spelekveld i månaden fram til februar. Rundt 20 bedriftslag frå Vaksdal og Modalen deltek i turneringa, og mange av laga er med år etter år. Journalist Magne Solhaug lagar kampoppsett og sender ut invitasjonar, og Vaksdalposten trykkjer resultatbørs og dei beste seriane. Vinnarane får pokal.

VP-serien har blitt arrangert ti år på rad. Han kom i stand som eit samarbeid mellom Vaksdalposten og dei som driv bowlinghallen i Modalen.

– Om ein får til eit godt samarbeid, vil eg anbefale andre aviser å prøve noko slikt, anten med bowling eller andre aktivitetar som kan eigne seg. Vi får meir igjen enn det vi investerer. Det er ikkje dyrt, ofte går det på å fristille litt plass til marknadsføring, seier Esben Hesjedal.

Vaksdalposten arrangerer også fotballturnering i samarbeid med Dale idrettslag. I mars går fotballturneringa VP-cup av stabelen for femte gong. Dette er ein innandørs fotballcup for hobbyspelarar og bedriftsklasser.