Har de arrangement som går på tvers av lokalavis-grensene? Kanskje kan de gjere som Askøyværingen og Vestnytt, og samarbeide for å få ei ekstra brei og god dekning av arrangementet.
Når sykkel-proffane kjem til Bergen i september, kjem dei også til Askøy, Sotra og Øygarden. Eit så stort arrangement fortener skikkeleg dekning i lokalavisene. Askøyværingen og Vestnytt får til ei ekstra brei dekning ved å samarbeide.
På eigne seksjonar for sykkel-VM får lesarane siste nytt, sportssaker, konkurransar, magasinsaker og video:
http://www.vestnytt.no/sykkelvm/
http://www.av-avis.no/sykkelvm/
Fra august blir det kommunekamp på sprekere.no. Avisene lager også eigne papirmagasin om sykkel-VM.
– Det fungerer bra å samarbeide om det litt generelle stoffet til temaaviser/magasin. Vi planla VM-magasinet saman, oppretta felles idébank i Trello og avtalte på førehand kva for saker som ville fungere godt i begge aviser, fortel redaktør Marit Kalgraf i Vestnytt.
Felles stoff kan til dømes vere matspalte, korleis er ein proffsykkel komponert og intervju med arrangør.
– Det vi ikkje kan samarbeide om, er det stoffet som kanskje er viktigast for oss som lokalaviser, som korleis blir trafikken berørt, kva skjer i di bygd, kva gjer skulane og dei lokale frivillige laga, etc, legg Marit Kalgraf til.
Avisene samarbeider også opp mot annonsørane. Dei kan mellom anna kjøpe samleannonsar til nettsidene, vere hovudsponsor i konkurransar på nett og i sosiale medium, og kjøpe banner i nyheitsbrev som skal gå til alle deltakarane i kommunekampen.
Det er naturleg for Vestnytt og Askøyværingen å samarbeide sidan dei har felles dagleg leiar/ansvarleg redaktør og jamnlege leiarmøte. Men kanskje kan også andre aviser finne felles interesser å samarbeide om?