Kvinnheringen vart kåra til årets lokalavis for den solide jobben dei har gjort på fleire område gjennom 2018.
Kvinnheringen vann også publikumsprisen «Årets lokalavisside», og dei fekk heiderleg omtale i både journalistprisen og prisen for årets digitale satsing.
Kvinnheringen er lokalavis for Kvinnherad og kjem ut på papir måndag, onsdag og fredag og jamnleg på nett. Avisa har eit godkjent opplag på 4408 og totalt 9,6 årsverk.
Årets lokalavis-juryen lot seg imponere av den gode journalistikken i Kvinnheringen, som ikkje er redde for å kaste seg laus på vanskelege tema. Dei vart også imponert over marknadsarbeidet, den grafiske formgjevinga og nettsatsinga til avisa.
Juryen (Inger Boldvik, Drammens Tidende, Eivind Andrés Fjellstad, Institutt for journalistikk og Roger Aarli-Grøndalen, Journalisten) uttalte:
Det er grunnleggjande god journalistikk som ligg i botnen hos Kvinnheringen, men avisa leikar seg på toppen. Avisa vel ut gode saker, har tydelege prioriteringar og er ikkje redde for å gje seg i kast med vanskelege og store tema. I ei tid der nokre skuldar lokalavisene for å lage tannlaus journalistikk, syner Kvinnheringen at det motsette er mogeleg.
Kvinnheringen skil seg også positivt ut visuelt. Avisa lagar nyhende med spanande og lekker grafisk formgjeving. Avisa er flink til å bruke malar som ein grunnmur, men er ikkje redde for å vere kreative og flytte seg vekk frå dei.
Avisa er betre på nett enn dei andre finalistane. Kvinnheringen veks digitalt, men også dei har litt å gå på for å nytte mogelegheitene på nettet. Samtidig har dei det siste året frigjort tid til å eksperimentere og mellom anna laga ein digital og lokal realityserie – som gav avisa 160 nye digitale abonnentar. Også på andre måtar har juryen lagt merke til at medarbeidarane i avisa drar lasset saman. Dei gjer også eit framifrå marknads- og salsarbeid. Kvinnheringen er flink til å byggje relasjonar i lokalmiljøet og avisa er gode både på lim og lupe.
Kvinnheringen er utvilsamt Årets lokalavis!
Den digitale satsinga vart også lagt merke til av juryen for «Årets digitale satsing»:
Avisa har gjennom fleire typar nytt innhald opplevd auke av den digitale omsetnaden og fått fleire betalande abonnentar. Video og livestream har vore sentrale element i avisas digitale satsing i 2018. Gjennom ein engasjerande videoserie på 24 episodar har avisa løfta fram menneske frå ulike stader i kommunen. Samtidig har innhaldsmarknadsføring, både på nett og papir, ført til ei berekraftig utvikling som kan bidra til å finansiere den viktige lokaljournalistikken i åra som kjem.
Den 24 episodar lange julekalenderen Kamp Kvinnherad vart ein ubetinga suksess for Kvinnheringen. Serien utløyste 200 nye abonnement og gode digitale inntekter, og førte til at avisa blei ein «snakkis». Serien kan samanliknast med Mesternes mester og Farmen. Ti tøffe utøvarar deltok på kampen som vart filma i løpet av ei langhelg. Serien hadde fire hovudsponsorar, og 24 episode-sponsorar. Sjå promo for serien her.
Sjekk også den kule miniserien #Husnes, laga av marknadsavdelinga for Husnes Storsenter, i samarbeid med kollega i Haugesunds avis. Kunden ønskte å vise at det er positivt at ungdommar heng på senteret og brukar «rommet» i lokalsamfunnet.
Eitt av dei vanskelege temaa som Kvinnheringen tok opp i fjor, var dei mange trafikkulukkene med unge offer. Dette fekk dei heiderleg omtale for i journalistprisen. I tillegg vann framsida publikumsprisen «Årets lokalavisside». Les meir her.