Bø blad vil vise at annonsene høyrer heime i lokalavisa, samstundes som dei oppmodar folk til å handle lokalt. Difor har dei starta annonsekampanjen «Håffer ikkje handle lokalt».
I ein leiar forklarer Bø blad kvifor dei har starta kampanjen. Dei forklarer at dei vil minne lesarane på at lokale butikkar finst og har noko å by på, og at lokalavisa burde vere den mest naturlege kanalen å vise seg fram i for butikkane. Her kan du lese leiaren.
Sjølv om Bø er ei handelsbygd, ser dei knapt lokale handelsannonsar i avisa, sjølv ikkje når det er nattope og sal. Årsaka er at Sentrumsringen i Bø gjev ut si eiga annonseavis heile 8-10 goner i året. Samtidig viser det seg at dei annonsørane som vel lokalavisa som annonsekanal og gjer ein god jobb med marknadsføringa har stor suksess med salet.
Mange handelsfolk, særleg av dei minste, klagar også over at dei merkar godt konkurransen med netthandel.
– Desse to faktorane gjorde at me bestemte oss for å løfte lokal handel og bevisstgjere folk på det, samtidig som me vil vise at annonsene høyrer heime hos oss, ikkje i ei reklameavis – fordi me faktisk også er ein del av næringslivet i bygda, forklarer redaktør Hilde Eika Nesje.
Bø blad tek bilete og lagar annonsen. Kunden skal bare levere tekst og eventuelt materiell.
– Målet er å få alle med på kampanjen, derfor har me lagt oss på eit svært lågt prisnivå, og hovudfokus er å løfte fram menneska som driv handel. Likevel får me inn litt pengar kvar veke som me elles ikkje ville fått. Kampanjen går kvar veke, og kjem til å gå heile neste år.
Handelsstanden har førebels vore svært positiv til kampanjen, og dei fleste takkar ja til å vere med. Nå som kampanjen har gått i tre veker, ser det ut til at handelsfolket har merka seg kampanjen og veit kva det dreiar seg om når seljaren kjem.