Næringskonferanse-Grannar

Arrangerer konferanse for lokalt næringsliv

For tredje år på rad er Grannar medarrangør for konferansen NæringsGIV. Det gjev dei høve til å bygge relasjonar til det lokale næringslivet.

For tredje år på rad er Grannar medarrangør for konferansen NæringsGIV. Det gjev dei høve til å bygge relasjonar til det lokale næringslivet.

For å gjere konferansen ekstra spesiell, har dei lagt han til ei lokal turisthytte i fjellet, ein liten times gange frå parkeringsplassen. Konferansen har vore populær frå første stund, og sprengte kapasiteten med hundre deltakarar første året.

På programmet har dei lokale næringslivsaktørar med lokale eksempel og historier, i tillegg til eit motivasjonsforedrag med ein kjent foredragshaldar. Første året hadde dei Ingebrigt Steen Jensen, i år kjem Aslak Sira Myhre.

– Me har ikkje direkte inntekter på konferansen, men ser på den som et fint høve til å bygge relasjonar til det aktive næringslivet i distriktet. Grannar lager to næringsnummer kvart år, og føler at me i etterkant av Næringsgiv har betre respons på annonsesalg og tips.