Firdaposten er av avisene som skal visa levande bilder jamt og trutt i heile sommar og haust. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen (Akrivfoto: Trude Sørbø Vee)
Firdaposten er av avisene som skal visa levande bilder jamt og trutt i heile sommar og haust. Frå venstre: Linda Regina Bruvik, Svend Arne Vee, Liv Standal, David Antonsen, Arve Solbakken, Dag Nesbø Frøyen og Arne Hjorth Johansen (Akrivfoto: Trude Sørbø Vee)

Tre aviser skal «forska» seg fram til kva som fungerer av levande bilde

 

 

Dei tre avisene Vest Telemark Blad, Dølen og Firdaposten skal i sommar og utover hausten prøva seg fram med direkte levande bilde.

Desse tre avisene fekk i vinter innovasjonstøtte frå Medietilsynet til å prøva ut konseptet med levande bilde. Målet er å finna ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Kva blir sett og kva er det mindre interesse for, og ikkje minst kva er kjøpsutløysande.

Frå 15. juni jamlege direktesendingar, og i etterkant av dette vil avisene registrera både kor mange som har sett og korleis salet har vore.

Målet er å finna ut om det er samanhengar frå stad til stad i kva brukarane vil ha, kva dei vil sjå og kva dei vil betala for.

Alt vil bli registrert undervegs og dei tre avisene vil dela med LLA sine medlemmer korleis det går og kva ein lukkast med og kva ein ikkje lukkast så godt med.

Amedia har dei seinare åra hatt stor suksess, særleg med strøyming av idrett. No vil dei tre lokalavisene prøva seg fram med litt andre konsept for på sjå kva som kan fungera av anna innhald enn idrett.

Avisene har hatt fleire idédugnadar internt og i fellesskap og kjem til på å ha sendingar som er relativt identiske og heilt ulike.

Sende 24 timar

Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten seier dei no er klare for å prøva seg fram med ulike former for direktesendingar gjennom sommaren og utover hausten.

– Vi har har alt hatt første streaming i prosjektet, der vi filma ein person som i løpet av eit døger skulle sjå kor mange gonger han kunne springa opp og ned fjellet Brandsøyåsen. Han sprang til inntekt for kreftsaka, og det heile vart send direkte av Firdaposten gjennom 24 timar, fortel Vee.

Sauefjøs

I avisa Dølen har dei hatt ein del streaming det siste året, sist under lamminga i vår som vart send direkte over fleire dagar. Det var ein suksess med fleire selde abonnement og høge sjåartal. Dei har laga ein god del tv og det siste året, men er no klare for meir aktivt bruk av levande bilde.

– Vi meiner vi har mange gode idear og gler oss stort til å koma i gang, seier redaktør Tone Sidsel Sanden.

Glade amatørar

VTB har aldri strøyma noko før og har akkurat kjøpt utstyr.

– Me er dei glade amatørar på dette, men me gler oss til å ta fatt på prosjektet, og kjem til å prøve og feile oss fram. Vegen blir til medan me går. VTB-TV vil bli eit spennande supplement i det me er vande med å drive med. Me kjem til å bruke store delar av staben – både redaksjonen og marknadsavdelinga i satsinga. I tillegg vil me nytte oss av frilansarar, seier redaktør Øystein Øygarden i VTB.