2021-Hovudvinnar-kopi

Sunnhordland og Hardanger Folkeblad tok alle prisane

Tre av fire prisar gjekk til avisa Sunnhordland og den siste gjekk til Hardanger Folkeblad då Haugesund Journalistlag delte ut prisar for god journalistikk og foto laurdag 13. mars.

Grunna covid-19 blei Haugesund Journalistlag sin årlege vinterkonferanse i februar avlyst, men god journalistikk skal like fullt heidrast. Laurdag blei det dermed arrangert digital prisfest, der Sunnhorhdland-journalist Kristine Brandsal Barane gjorde storeslem.

Det var den 25 år gamle journalisten Kristine Brandsdal Barane frå avisa Sunnhordland som imponerte juryen mest under laurdagens digitale prisfest. For blant cirka 30 innsende bidrag til Haugesund Journalistlag sine årlege journalistprisar, kapra den unge journalisten ikkje mindre enn tre av fire moglege titlar. Årets jury som bestod av Jens Kihl, politisk kommentator i Bergens Tidende, Kari Stautland, tidlegare journalist i Haugesunds Avis og Ingerid Jordal, frilandsfotograf frå Voss, delte kategoriane inn i tre og kåra vinnarar innan foto, enkeltsak uavhengig av plattform, og prosjekt. Nytt av året er kåringa av ein hovudvinnar, som på tvers av alle kategoriar blir trekt fram for framifrå journalistisk arbeid. Juryen har også løfta fram to bidrag med heiderlege omtalar.

Storeslem

Kristine Brandsdal Barane er journalisten som stolt kan titulera seg som vinnar innan kategoriane beste foto, med biletet «garasjebrann», beste prosjekt, med saka «Camilla vil ha baby» og på toppen av det heile blei ho kåra til Haugesund Journalistlag sin hovudvinnar for artikkelen om eldreomsorga i Stord kommune. Vinnar i kategorien beste enkeltsak, var det Synnøve Nyheim i Hardanger Folkeblad som mottok, for saka «Krisa som aldri kom»

I tillegg blei journalistane Henrik Mundal Andreassen i Sunnhordland, og Marthe Synnøve Johannessen i NRK Rogaland løfta fram. Mundal Andreassen fekk heiderleg omtale i kategorien foto, for biletet til artikkelen «Då skulen flytta ut av bygga», og Johannessen fekk heiderleg omtale i kategorien enkeltsak, for saka «Å aldri glemme den som glapp»